Kalberg: Slik er prosessen

Her får du ei oversikt over kva som er framdriftsplanen for saken om næringsarealet på Kalberg.

Kart over Kalberg-området - Klikk for stort bilete

Gjennom kommuneplanen sin arealdel 2018-2030 har Time kommunestyre vedteke at det skal leggast til rette for om lag 1200 dekar næringsareal på Kalberg. Desse areala er reserverte for kraftkrevjande verksemder, eventuelle støttefunksjonar til dei, og verksemder som kan bruka restvarmen. Det er svært få ledige næringsareal att i kommunen, og utvikling av dette området vil føra med seg vesentlege investeringar og gje mange nye arbeidsplassar.  

I tillegg legg kommuneplanen til rette for om lag 100 dekar med bustadformål og 135 dekar råstoffutvinning i arealet som er omfatta av områdeplan for Orstad-Nord, Kalberg, Frøyland og Kvernaland (plan-ID 2022003 i Klepp og 0548.00 i Time). Kommuneplanen viser dessutan traseen for omkøyringsvegen om Kvernaland. 

I kommuneplanen er det krav om at det skal utarbeidast ein områdeplan. Den 02.11.2021 godkjende kommunestyret ein avtale med Kalberg Utvikling, som nå heiter Time Energipark. Avtalen inneber at dei utarbeider, og tek kostnadane med utarbeiding av, denne områdeplanen. 

Planprogram for arbeidet med den aktuelle områdeplanen vart for Time kommune sin del vedteke 04.05.2022.   

Time Energipark sende i veke 23 over sitt forslag til områdeplan. I månadane som kjem skal Time kommune gå gjennom det foreløpige materialet som er sendt inn. 

Ein områdeplan er ein kommunal plan, men følger same prosess som ein privat reguleringsplan, sett bort frå at det ikkje er reglar for saksbehandlingstid.   

Som oversikten under viser er me framleis tidleg i planprosessen (den raude ramma). Moglegheita for innbyggarar og andre til å komma med innspel kjem etter 1. gongs behandling. Dette vert når Utval for lokal utvikling har vedteke at planforslaget kan verta sendt på høyring (i raud skrift under), etter planen ein gong i løpet av andre halvår i 2025.

Illustrasjon som viser saksgangen i kommunen - Klikk for stort bilete

 

Saksdokumenta som Time Energipark nå har sendt inn finn du nå lenker til under.

Fagnotat og utgreiingar


1 Naturmangfoldsrapport - 28_05_2025 (PDF, 5 MB)
2 Kulturmiljø - 13_05_2025 (PDF, 31 MB)
2a Arkeologisk rapport 2022 (PDF, 28 MB)
2b Arkeologisk rapport 2023 (PDF, 27 MB)
3 Friluftsliv - 05_06_2025 (PDF, 10 MB)
4 Landskap - 20_05_2025 (PDF, 10 MB)
5 Forurensning støy - 14_05_2025 (PDF, 19 MB)
6 Luftkvalitetsutredning - 21_05_2025 (PDF, 2 MB)
7 Lysforurensning - 04_06_2025 (PDF, 10 MB)
8 Vannmiljørapport - 27_05_2025 (PDF, 4 MB)
9 Jordvernsrapport - 23_05_2025 (PDF, 6 MB)
10 Jordflyttingsplan - 01_12_2024 (PDF, 8 MB)
11 Mineralressurs - 16_05_2025 (PDF, 875 kB)
12 Masseuttak - 16_05_2025 (PDF, 680 kB)
13 Massehåndteringsprogram - 16_05_2025 (PDF, 3 MB)
14 Flom og overvann - 23_04_2025 (PDF, 13 MB)
15 Klimagassutslippsrapport - 23_05_2025 (PDF, 2 MB)
16 Trafikkutredning - 20_05_2025 (PDF, 4 MB)
17 Overskuddsvarme - 27_05_2025 (PDF, 10 MB)
17a Vedlegg 01 Fase 1 (PDF, 9 MB)
17b Vedlegg 02 Fase 2 (PDF, 9 MB)
17c Vedlegg 03 kryssinger og mulige konfliktpunkt (PDF, 9 MB)
18 Energibehov - 14_05_2025 (PDF, 2 MB)
19_1 Overordnet VAO-rammeplan - 26_05_2025 (PDF, 4 MB)
19_1_a Vedlegg 1 - Oversiktskart (PDF, 2 MB)
19_1_b Vedlegg 2 - Oversiktskart spillvannskapasitet Time (PDF, 2 MB)
19_1_c Vedlegg 3 - Modelleringsnotat (PDF, 574 kB)
19_1_d Vedlegg 4 - Spillvannsmengder (PDF, 368 kB)
19_2 VA-rammeplan NK1 - 04_09_2024 (PDF, 7 MB)
19_3 VA-rammeplan KN6 - 04_09_2024 (PDF, 10 MB)
19_4 VA-rammeplan NK3+NK4 + RK1-RK5 - 16_05_2024 (PDF, 20 MB)
19_5 VA-rammeplan RK1+RK2 - 28_02_2025 (PDF, 7 MB)
19_6 VA-rammeplan BK1+NK2 - 30_08_2024 (PDF, 2 MB)
19_7 VA-rammeplan BK5+BK6 - 30_08_2024 (PDF, 4 MB)
19_8 Modelleringsnotat VA-rammeplan - 16_05_2024 (PDF, 574 kB)
20 Mobilitetsplan - 07_05_2025 (PDF, 6 MB)
21 Stedsanalyse - 28_05_2025 (PDF, 5 MB)
22_1 Geoteknisk rapport omkjøringsvei - 21_11_2024 (PDF, 24 MB)
22_2 Geoteknisk rapport KN6+KN7 - 22_02_2024 (PDF, 8 MB)
22_3 Geoteknisk rapport TN3 - 17_09_2021 (PDF, 9 MB)