Personvernerklæring

Time kommune ser på informasjonssikkerheit og personvern som ein naturleg del av verksemda. For å kunna utøva myndigheit og tilby deg gode tenester, må me ofte behandla opplysningar om deg elektronisk eller i eit register.

 

Personvernombud

Time kommune har eiga personvernombud: Omund Norheim. Han bidrar til at me følgjer krava i regelverket, og skal vera bindeledd mellom deg og kommunen viss du treng hjelp med dine rettar om personvern.
Send e-post herfra. Telefonnr 51 77 62 20.

 

Grunnprinsipp

Me har fleire grunnleggande prinsipp som gjeld korleis me skal handtera personopplysingane dine.
Det er at me skal behandle desse

  • lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit
  • konfidensielt, verna mot utilsikta endring og vera tilgjengeleg

Vidare skal det sikrast at personopplysningana skal

  • vera samla inn til bestemte formål og ikkje seinare verta brukte på ein måte som er i strid med formålet
  • berre verta nytta for det konkrete formålet, og ikkje lagra opplysningane lenger enn det som er nødvendig eller pålagd
  • vera oppdaterte

Formål

Formåla med behandlinga av personopplysningane er å tilby deg offentlege tenester eller utføra lovpålagde oppgåver.

Grunnlaget for at me kan behandla personopplysningane dine

For at me skal kunna behandla opplysningar om deg må me ha eit rettsleg grunnlag. Det kan for eksempel vera at du gjev oss samtykke til å handtera personopplysningane dine i forbindelse med ein søknad om tenester eller at me skal oppfylla ein avtale med deg. Det kan også vera nødvendig for at me skal oppfylla ei rettsleg plikt eller utøva offentleg mynde. Nokre gonger er det også eit lovfesta eller avtalefesta krav om at du må gje kommunen personopplysningar.
Viss behandlinga er basert på samtykke, har du rett til å trekka det tilbake når som helst.
Er grunnlaget ei rettsleg forplikting eller å utøva offentleg mynde, kan du i visse tilfelle protestera mot behandlinga.

Innsyn

Som hovudregel har du rett til innsyn i dei opplysningane som me behandlar om deg. Du har også krav på å få informasjon om behandlinga.
For å få innsyn må du kontakta tenesta eller eininga som utfører behandlinga. Du kan be om å få ein kopi av opplysningane som er registrerte om deg.

Rett til å få korrigert ukorrekte personopplysningar

Viss me har registrert opplysningar om deg som ikkje er korrekte, har du rett til å få korrigert opplysningane. Det gjeld også viss me ikkje har fullstendige opplysningar om deg.
Framgangsmåten er den samme som for innsyn.

Rett til avgrensa behandling

I nokre tilfelle kan du krevja at behandlinga av personopplysningane dine vert avgrensa. Det kan for eksempel vera at du meiner at personopplysningane dine ikkje er rette, og det vil ta tid å vurdera dette.
Du kan da ta kontakt med tenesta eller den aktuelle eininga.

Dataportabilitet

For enkelte behandlingar kan du ha rett til dataportabilitet. Det vil seie at du kan krevja å få overført personopplysningane frå oss og til andre. Denne rettigheita har fleire unntak. Retten gjeldt blant anna ikkje viss me behandlar personopplysningane dine for å utføra ei oppgåve i almenn interesse eller me utøver offentleg mynde.

Rett til å få sletta personopplysningar

Du har rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Denne rettigheita har også unntak. For eksempel gjeld den ikkje for opplysningar som er arkivpliktige eller nødvendige for å kunna krevja eller forsvara rettskrav.

Protokoll over behandling av personopplysningar

Time kommune er pliktig til å føra protokoll over behandlingar av personopplysningar som vert utførte under kommunen sitt ansvar. Me brukar eit dataprogram for å ha oversikt over protokollane, og me vil publisera informasjon om behandlingane fortløpande på nettsida når protokollane vert klare.

Deling av personopplysningar

Ved enkelte høve formidlar me personopplysningar til andre. Det kan vera samarbeidsorgan (for eksempel NAV, Husbanken, spesialisthelsetenesta) eller andre som me har plikt til å gje informasjon til.
Det kan også vera ein driftsleverandør eller andre som må utføra sine oppgåver og ha tilgang til opplysningane dine. Time kommune vil i slike tilfelle alltid forsikra oss om at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at teieplikta vert halden og at eventuelle nødvendige avtalar vert inngåtte. Opplysningane kan i forbindelse med dette også verta overførte til land utanfor Europa.

Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling

Me vil sjå til at personopplysningane dine er godt teknisk sikra. Me vil også ta omsyn til den risikoen som behandlinga kan ha for deg. I tillegg vil me gjennomføra andre tiltak for å nå dei grunnprinsippa me nemde innleiingsvis. Dersom noko går gale, vil me også ha beredskapsplanar for dette.

Informasjonskapslar

Nettsidene vår brukar informasjonskapslar for å gje deg tilpassa nettenester og gje deg ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som vert lagra på maskinen din.

Klaga til Datatilsynet

Du kan klaga til Datatilsynet viss du ikkje er fornøgd med korleis me behandlar personopplysningane dine, eller du meiner behandlinga strir med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsida til Datatilsynet.

 

Du kan lesa meir i personopplysningsloven, personvernforordningen og arkivlova.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00