Ti turar i TimeÅrets ti turar i Time byr på noko for kvar ein smak: Frå enkle rundturar til nokre av dei finaste toppturane Jæren har å by på - og til og med ein sykkeltur.Ti turar i Time 2024: Tur 3, Ulvarudlå Jan Oskar Haugen Ti turar i Time er kommunen sitt opplegg for å gjera turar i nærmiljøet kjende for innbyggarane. Kvart år vel me ut ti overkomelege turar. Alle som går minst éin av turane får ei lita gåve frå kommunen, og blant alle som går alle ti turane trekk me ut flotte premiar.Nytt i årI år finst det ikkje nokon brosjyre med alle turane i. I staden kan du velja deg ein tur her på nettsidene våre, og når du er framme ved utgangspunktet for turen vil du finna eit skilt med ein QR-kode. Skannar du denne koden med mobilen får du opp kart og turinfo, og ved målet for turen står eit nytt skilt med ein ny kode som lar deg registrera at du har gått turen.Analogt alternativEr du ein av dei som ikkje føler deg heilt heime i det digitale hjørnet? Ikkje ver redd, kommunen tek vare på deg òg! Du kan koma innom Innbyggarservice på rådhuset og få skrive ut turinfoen hos oss, og i staden for å bruka QR-kode for å registrera turen kan du berre hugsa bokstaven som er klistra på skiltet ved turmålet. Dei ti bokstavane gjev eit ord eller ei setning som du kan levera på rådhuset når du har gått alle ti turane … og vips, er du òg med i trekkinga!Så då er det vel berre å seia god tur i jærsk natur? Tur 1: Karten Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 1 Tur 2: Lauvlia Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 2 Tur 3: Ulvarudlå Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 3 Tur 4: Melsvatnet med Brunshammaren Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 4 Tur 5: Blåfjellet Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 5 Tur 6: Bursfjell Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 6 Tur 7: Lyefjell rundt Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 7 Tur 8: Undheim - Botnen - Taksdal Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 8 Tur 9: Kvernhallen - Håfjell Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 9 Tur 10: Sykkeltur Hognestad - Frøylandsvatnet - Hognestad Klikk her for å finne kart og opplysningar om tur nr 10 Alle som går minst éin tur får ein turpremie. Dei som har gått alle turane innan 1. november er med i trekning av premiar: To gåvekort á kr 1000, to gåvekort á kr 500, og kinobillettar.PåminningarHer og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andreRespekter bandtvangenLukk eventuelle grindarTa avfallet med heimFølg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på turHugs skikkeleg fottøy!Tusen takk til alle grunneigarar for godt samarbeid. Meld feilOppdagar du forsøpling eller manglar når du ute på tur, kan du melda feil på nett. Sist endra 21.03.2024 13.27