Ti turar i Time 2025: Tur 2, Kvernhallen – Håfjell
Jan Oskar Haugen
Kvernhallen – Håfjell
Fottur, totalt 5,68 km (2,84 km kvar veg), tur/retur, middels
Total stigning 174 m
Ti turar i Time 2025: Tur 2, Kvernhallen – Håfjell, startskilt
Jan Oskar Haugen
Tilkomst
Turen startar ved Kvernhallen, ved Frøyland skule.
QR-koden for å lasta ned løypa er montert på ein lyktestolpe ved sykkelstativa ved Tarzanløypa.
Turinformasjon
Merka løype går på gang- og sykkelveg gjennom Frøylandsparken, passerer Frøyland barnehage og Gamleskulen leikeplass, og fortset langs Markvegen før ho krysser Fjermestadvegen på gangfelt. Deretter følger løypa vegen på fortau opp til Opalvegen. Der tar du inn på grusveg og går opp den bratte kneika i ytterkanten av Håholen bustadområde. Videre innover fortset du rett fram til vegen svinger til høgre og du ser ein gjerdeklyvar.
Ti turar i Time 2025: Tur 2, Kvernhallen – Håfjell, målskilt
Jan Oskar Haugen
Etter å ha klatra over gjerdeklyvaren krysser du eit flatt beiteområde og går inn på en markaveg som stig opp i retning av Håfjellet. Der vegen sluttar er det skilta mot Håfjell. Du går vidare mot toppen, først over grasmark før du begynner på stigninga mot sjølve toppen. Merka løype med raudmåling fører deg fram til Håfjell, 196,5 meter over havet. QR-koden for registrering av turen finn du på stolpen som markerer toppunktet.
Me håper du får ein fin tur!
Stolpejakten
I år har me teke med det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman tre stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Lyktestolpen der turen startar (som QR-koden med turinfo òg er festa på), gjerdeklyvaren midtveis på turen, og stolpen som markerer toppunktet på Håfjell.
Påminningar
Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:
- Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
- Respekter bandtvangen
- Lukk eventuelle grinder
- Ta avfallet med heim
- Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur