ⓘ Aktuell informasjon

Vaksenvaksinasjonsprogrammet hausten 2026

Vaksinasjon er eit enkelt og effektivt tiltak for å redusera faren for alvorleg sjukdom. Ein anbefaler derfor grupper med forhøgd risiko for alvorleg sjukdom å vaksinera seg.

Eldre kvinne som får vaksine i venstre arm - Klikk for stort bilete

Vaksinane kjem tidsnok til influensasesongen

Vaksinane er i år dessverre forseinka frå leverandørane til FHI, og kjem til Time i veke 46. Dette er likevel tidsnok til å vaksinera seg før influensasesongen startar.

 

Barn i vaksenvaksinasjonsprogrammet

Barn med visse kroniske sjukdommar bør ta influensavaksine og i enkelte tilfelle koronavaksine. Desse barna får tilbod i vaksenvaksinasjonsprogrammet på same måte som vaksne.

 

Kva vaksinar bør du ta?

Folkehelseinstituttet gjer grundige vurderingar av kven som har nytte av vaksinar. Dei anbefaler grupper med forhøgd risiko for alvorleg sjukdom å vaksinera seg.

Målgruppene for dei ulike vaksinane finn du her:

Vaksiner i voksenvaksinasjonsprogrammet - FHI

Dersom du ikkje tilhøyrer målgruppene, vil du ikkje ha nytte av vaksinane.

 

Kor kan du vaksinera deg?

Time kommune har avtale med fastlegane om å tilby vaksinane i vaksenvaksinasjonsprogrammet til listeinnbyggarane sine. Dei tilbyr òg pneumokokkvaksine utanom vaksinasjonsprogrammet så lenge det er til mågruppene. Dei tilbyr ikkje vaksine utanom målgruppene.

 

Kor mykje kostar det?

  • Influensavaksine: 308 kr
  • Koronavaksine: 110 kr (85 kr dersom du tek fleire vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet)
  • Pneumokokkvaksine: 110 kr (85 kr dersom du tek fleire vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet)
  • Pneumokokkvaksine til risikogrupper utanom vaksenvaksinasjonsprogrammet: Eigen pris