Tur 5 i Ti turar i Time

Ti turar i Time 2024: Tur 5, Blåfjellet Jan Oskar Haugen Ti turar i Time 2024: Tur 5, Blåfjellet, startskilt Jan Oskar Haugen

Blåfjellet

Fottur, 4,85 km, rundtur, middels 
Total stigning 209 m

Tilkomst 

Det er skilta til parkeringsplass i Sælandsskogen, frå Sælandsvegen, fv. 4428 (205). QR-koden finn du ved p-plassen.

Ti turar i Time 2024: Tur 5, Blåfjellet, målskilt Jan Oskar Haugen

Turinformasjon

Turen til Blåfjellet er ein rundtur over Sælandsfjellet med ein avstikker til toppen på Blåfjellet, 272 moh. Frå p-plassen følger du stien innover skogen. Ved gjerdeklyvaren tek du til venstre og følger traktorvegen innover til du kjem til eit skilt som viser veg til høgre og til Sælandsfjellet. Nå går det oppover på godt merka sti.  Når det flater ut, ser du skilt som viser veg til Blåfjellet. 

På toppen er det flott utsikt og ein fin plass å eta nistepakken, og QR-koden for registrering av turen står på stolpen som markerer toppunktet.

Nå kan du enten velja å gå tilbake same veg, eller ta rundturen gjennom Urådalen tilbake til p-plassen. 

Det er også andre turmoglegheiter i området. Rundt Bjødnalia og tilbake via Sjelset og Kleiva til p-plassen. Eller du kan laga deg ein flott runde med topptur både til Blåfjellet og Bursfjell. 

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grindar
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00