Tur 3 i Ti turar i Time

Ti turar i Time 2024: Tur 3, Ulvarudlå Jan Oskar Haugen Ti turar i Time 2024: Tur 3, Ulvarudlå, startskilt Jan Oskar Haugen

Ulvarudlå

Fottur, 7,54 km, rundtur, middels 
Total stigning 335 m

Tilkomst

Vår tur startar frå Tjåland, og du finn QR-koden ved gjerdeklyvaren ved den inste parkeringsplassen. Du kan òg starta frå Aurenes, men der er ingen QR-kode. Det er skilta til parkering begge stadar frå fv. 4410 (201), Sikvalandsvegen. For å koma til p-plassen på Tjåland må du passera gjennom to grinder. Hugs å lukka desse. 

Ti turar i Time 2024: Tur 3, Ulvarudlå, målskilt Jan Oskar Haugen

Turinformasjon

Rundturen via Ulvarudlå er om lag 7 km. Frå Tjåland er det mogleg å gå til Fiskelaustjødn med barnevogn. Turen til 
Ulvarudlå går på gardsveg og i terreng. Turen er merka med raude merkepålar. QR-koden for registrering av turen finn du på stolpen som markerer toppen av Ulvarudlå, eller “Olvarodlo”, som det står på skiltet.

I dette landskapet møter du både sauer og geiter som er ein del av skjøtselen av kystlyngheiområda våre. Har du flaks, er kanskje havørna på besøk.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grindar
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00