Tur 7 i Ti turar i Time

Turen til Ulvarudlå er ein klassikar og gjengangar i Ti turar i Time-programmet. I år har me valt å gjera ein litt ekstra krevjande vri på turen med ein avstikkar til Jærbenken, for betre utsikt får du neppe frå nokon annan benk på Jæren.

Varde og stolpe som markerer toppen av Ulvarudlå - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 7, Tjåland – Jærbenken – Ulvarudlå – Aurenes – Tjåland Jan Oskar Haugen

Tjåland – Jærbenken – Ulvarudlå – Aurenes – Tjåland

Fottur, 9,78 km, rundløype, krevjande
Total stigning 431 m

Stolpe med påmontert QR-kode og Stolpejakt-stolpe ved bru over bekk - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 7, Tjåland – Jærbenken – Ulvarudlå – Aurenes – Tjåland, startskilt Jan Oskar Haugen

Tilkomst

Parkeringsplassen ligg i enden av vegen på Tjåland. Det er òg mogleg å starta turen frå parkeringsplassen på Aurenes, men vår turbeskriving går frå Tjåland. QR-koden for å lasta ned løypa finn du på ein stolpe ved parkeringsplassen på Tjåland, og me anbefaler at du laster ned kartet på førehand.

Turinformasjon

Rundturen me har lagt opp til er nesten ei mil lang, og går først inn til krysset der vegane til Jærbenken og Ulvarudla deler seg. Herifrå går løypa opp til Jærbenken på cirka 300 meters høgde, og så ned igjen til vegkrysset, før ho går vidare mot Ulvarudlå.

Den neste delen av turen har partiar som ved frost og is i fjellet kan vera glatte og farlege. Men når du kjem til toppen av Ulvarudlå (eller «Olvarodlo», som det står på skiltet), på 418 moh, får du på klare dagar ein panoramautsikt der du kan sjå både havet og Synesvarden.

Varde og stolpe som markerer toppen av Ulvarudlå - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 7, Tjåland – Jærbenken – Ulvarudlå – Aurenes – Tjåland, målskilt Jan Oskar Haugen

QR-koden for registrering av turen finn du på stolpen som markerer toppunktet på fjellet.

Turen ned mot Aurenes går over nye gjerdeklyvarar og langs ny merking med raude pålar, gjennom gardstunet, vidare langs Tjålandsvatnet og tilbake til parkeringsplassen på Tjåland. Hugs at denne turen, viss du går via Jærbenken, er nesten 10 kilometer til saman, så mat og drikke kan komma godt med.

Du kan sjølvsagt gå turen utan avstikkaren til Jærbenken og – men me anbefaler heile turen, det står tross alt ein svart Stolpejakt-stolpe der.

Me håper du får ein fin tur!

Stolpejakten

I år har me teke med det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.

På denne turen finn du til saman fem stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Ein stolpe ved parkeringsplassen der turen startar, vegkrysset der du tek opp til venstre mot Jærbenken, sjølve Jærbenken, stolpen som markerer toppunktet på Ulvarudlå, og ein av dei nye gjerdeklyvarane på veg ned mot Aurenes.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grinder
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00