Tur 9 i Ti turar i Time

Ti turar i Time 2024: Tur 9, Kvernhallen - Håfjell Jan Oskar Haugen Ti turar i Time 2024: Tur 9, Kvernhallen - Håfjell, startskilt Jan Oskar Haugen

Kvernhallen - Håfjell

Fottur, totalt 5,68 km, tur/retur, enkel
Total stigning 174 m

Tilkomst

Turen startar frå parkeringsplassen ved Kvernhallen. Er det fullt på parkeringa kan ein nytte parkeringsplassen til Frøyland ungdomsskule med direkte tilkomst frå Kvernelandsvegen. QR-koden står på ein lyktestolpe ved sykkelstativa i sørenden av Kvernhallen.

Ti turar i Time 2024: Tur 9, Kvernhallen - Håfjell, målskilt Jan Oskar Haugen

Turinformasjon

Turen er ein topptur til Håfjell, som er 196 moh. Utsikta frå toppen er flott. Sjølv om det er ein del stigning på denne turen, er det relativt lett og greitt terreng, stort sett på gode og tørre traktorvegar med grasunderlag. QR-koden for registrering av turen står på pålen som markerar toppen av Håfjell.

Turen kan kombinerast med vidare tur til Ulvatjørna.

Informasjonsskiltet om eiketre på Kvernaland Jan Oskar Haugen

Eiketreet - ein heim for mange artar

Ein ekstra liten bonus på akkurat denne turen er det nye informasjonsskiltet om eiketre og eikeskog, som kommunen har sett opp ved det lille skogholtet rett før ein kjem til Frøyland barnehage, ikkje lenge etter at ein har starta ifrå Kvernhallen. Der ligg det ein stor eiketre-stamme, og så kan du lesa om korfor det er viktig at me har eiketre.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grindar
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00