Tur 1 i Ti turar i Time

Ti turar i Time 2024: Tur 1, Karten Jan Oskar Haugen Ti turar i Time 2024: Tur 1, Karten, startskilt Jan Oskar Haugen

Karten 

Fottur, totalt 5 km, tur/retur, enkel 
Total stigning 194 m

Tilkomst 

Turen startar frå parkeringsplassen ved fv. 504, Buevegen, rett aust for Husavatnet. Ved parkering, ta omsyn slik at landbruksmaskinar kjem fram. QR-koden står på ein påle ved veggen på det raude uthuset ved p-plassen.

Turinformasjon 

Ti turar i Time 2024: Tur 1, Karten, målskilt Jan Oskar Haugen

Turen er ein topptur til Karten, som er 421 moh. Utsikta frå toppen er flott. Sjølv om det er ein del stigning på denne turen, er det relativt lett og greitt terreng, stort sett på gode og tørre traktorvegar med grasunderlag. Det er mogleg å ta turen med barnevogn nesten heilt til toppen. QR-koden for registrering av turen står på stolpen som markerer toppunktet.

Turen kan kombinerast med topptur til Brusaknuden, slik det går fram av kartet. Brusaknuden er den høgaste toppen på Jæren med sine 432 moh.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grindar
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00