Tur 6 i Ti turar i Time

Ti turar i Time 2024: Tur 6, Bursfjell Jan Oskar Haugen Ti turar i Time 2024: Tur 6, Bursfjell, startskilt Jan Oskar Haugen

Bursfjell

Fottur, 5,88 km, rundtur, middels
Total stigning 342 m

Tilkomst 

Turen startar ved Eikeland skule, der det er parkering. For å koma dit tek du av Ålgårdsvegen, fv. 506. Det er skilta til Eikeland skule frå fv. 506. QR-koden finn du på veggen på Eikeland skule, rett under husnummeret (27).

Ti turar i Time 2024: Tur 6, Bursfjell, målskilt Jan Oskar Haugen

Turinformasjon

Bursfjell, eller Bursfjeld, som det står på skilta undervegs, ligg i Time, og grensar til Gjesdal. Toppen er 365 moh. så om veret er fint, kan du nyta ei imponerande utsikt frå toppen. 

Turen til Bursfjell er ei rundløype. Enklaste veg er å følga gardsvegen mot Ødegård. Rett før gardstunet tek du til venstre over ei ferist og forset på grusvegen til du er heilt på baksida av Bursfjell. Oppstigninga her er ikkje så bratt som på vestsida av fjellet.

QR-koden for registrering av turen finn du på skiltet rett nedanfor varden på toppen, som fortel at du er komen til Bursfjell.

På toppen av Bursfjell kan du returnera mot Eikeland via Riset. Då følger du dei raude merkepålane ned den bratte vestsida av fjellet, går rundt nordsida av Gunnhildstjørn og over beitemark til du treff grusvegen. Her tek du til høgre og følger grusvegen forbi Riset og tilbake til Eikeland skule.

NB! Nedfarten på vestsida av fjellet er nok ikkje for alle - den er bratt, og kan vera vanskeleg spesielt viss det er regn eller fuktig i vêret, eller når frosten kjem til hausten. Er du i tvil, gå same veg tilbake som du kom. Alternativt kan du snu turen og gå den bratte veien opp, og så ta grusvegen ned på baksida av fjellet.

Når du er på toppen av Bursfjell, kan du også gå vidare til Ålgård. 

Turen kan også kombinerast med tur til Bjødnalia og Blåfjellet. Slik kan du laga ein flott topptur til Bursfjell kombinert med ein rundtur rundt Sælandsfjellet.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grindar
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00