Ti turar i Time 2025: Tur 8, Låglia
Jan Oskar Haugen
Låglia
Fottur, totalt 7,2 km (3,6 km kvar veg), tur/retur, enkel
Total stigning 146 m
Ti turar i Time 2025: Tur 8, Låglia, startskilt
Jan Oskar Haugen
Tilkomst
Parkeringsplassen finn du når du køyrer forbi Knudaheio på Sikvalandsvegen, mot Sikvaland. Det er skilta til parkeringsplassar på begge sider av vegen. Pass på at du ikke stenger gardsveien når du parkerer!
QR-koden for å lasta ned løypa finn du på gjerdeklyvaren der turen startar.
Turinformasjon
Ti turar i Time 2025: Tur 8, Låglia, målskilt
Jan Oskar Haugen
Turen går først i terrenget og har deretter eit stykke med jordbruksveg. Nokre strekningar kan vera fuktige, og enkelte bratte parti kan opplevast noko krevjande for små barn, elles er det ein relativt enkel tur. QR-koden for registrering av turen finn du på ein stolpe som er slått ned mellom dei gamle steinruinane på Låglia.
Låglia er en gammal buplass der folk levde eit nøysamt liv helie året. Ta ein kikk på dei imponerende steinarbeida på plassen!
På denne turen gjer me spesielt merksam på storfe som beiter i området store delar av året. Hugs den generelle bandtvangen frå 1. april til 31 oktober.
Me håper du får ein fin tur!
Stolpejakten
I år har me teke med det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.
På denne turen finn du til saman tre stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Gjerdeklyvaren der turen startar, gjerdeklyvaren i sørenden av Stokketjørsvatnet, og på stolpen med QR-koden for registrering av turen, som er slått ned mellom dei gamle steinruinane på Låglia.
Påminningar
Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:
- Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
- Respekter bandtvangen
- Lukk eventuelle grinder
- Ta avfallet med heim
- Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur