Kommuneplan

Kommuneplanen er kommunen sitt styringsdokument.

Plan - Kommuneplan

Samfunnsdelen 2015 - 2027
Kommuneplan 2018 - 2030 (Fase 2, under arbeid)

Område der interkommunal kommunedelplan for Bybandet sør 2013 - 2040 framleis gjeld, og som skal reviderast og innarbeidast i kommuneplan 2018 - 2030.

Planprogram (PDF, 3 MB)

Presentasjonar frå informasjonsmøte på Frøyland skule 10.03.2020

 

Kommuneplanen består av ein tekstdel og ein arealdel, og dei to delane har ulike funksjonar.

Tekstdelen gjer uttrykk for visjonar og overordna mål for lokalsamfunnet og peiker på oppgåver som bør prioriterast. Denne delen gjeld for 12 år og må ta omsyn til samfunnsmessige endringar som kan skje i løpet av desse åra. Kommunestyret skal kvar styreperiode vedta ein kommunal planstrategi. I denne planstrategien vil det bli vurdert om kommuneplanens samfunns- og/eller arealdel skal reviderast eller ikkje.

Arealdelen skal samordna vern og utvikling. Her er det sett av naudsynte areal for å kunne oppnå dei ulike måla kommunen har, til dømes i høve til barnehagar, skular og bustader. Arealdelen består av eit plankart med tilhøyrande føresegner.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00