Planen er sendt inn av Prosjektil på vegner av Coop Eiendom og Nedremarka Eiendom.
Planen omfattar kjøpesenteret M44, bygg på Felleskjøptomta og kulturmiljøet rundt Bryne mølle. Planen legg til rette for utviding og nybygg av kjøpesenter, tenesteyting, kontor og bustad. Intensjonen med planen er òg å ta i bruk bygg knytt til kulturmiljøet Bryne mølle.
I nytt planforslag er det vist ei ny parkeringsløysing der parkering er lagt i to plan mellom bygg på Felleskjøptomta og kjøpesenterbygget. Det er foreslått torg på dekke over dette parkeringsarealet. Fleirfunksjonsbygget på Felleskjøptomta er redusert i volum og næring er sikra i ein større del av dette bygget. Planen viser justerte høgder i høve til opphaveleg forslag. Det er òg foreslått endringar i fasadane, ny løysing for leik og justeringar av parkering. Det er dessutan gjort fleire mindre justeringar i planen.
Sjå høyringsbrev for nærare beskriving av endringane. I vedlegga er endringar illustrert. Det er òg fleire oppdaterte dokument til det justerte planforslaget.
Kommunedirektøren ber fyrst og fremst om innspel på dei endringane som er gjort etter forrige høyring. Tidlegare merknadar er svara ut i eit eige vedlegg. Dersom ein meiner nytt planforslag ikkje svarer ut dei innspela ein har gitt tidlegare, ber ein om at ein sender inn merknad på nytt.
Merknadar sendast via nettsida, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne. Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar informerast om planarbeidet. Ein får ikkje svar på merknadar i eige brev, men dei vert referert til og kommentert i vedtaket og eventuell vidare saksbehandling og politisk behandling.
Åpen kontordag
Tysdag 17.6 frå kl.15.00 til kl. 18.00 vert det åpen kontordag på Time rådhus. Interesserte og naboar kan då møta administrasjonen, forslagsstillar og utbyggar, stilla spørsmål og koma med innspel i samband med denne høyringa.
Frist for å gje merknad er sett til 1. august 2025.
Vedlegg 1, Plankart datert 02.06.2025.pdf (PDF, 894 kB)
Vedlegg 2, Bestemmelser datert 5.6.2025.docx (DOCX, 92 kB)
Vedlegg 3 Revidert planbeskrivelse M44, datert 03.02.2025.pdf (PDF, 8 MB)
Vedlegg 4, revidert konsekvensutredning for M44, datert 03.02.2025.pdf (PDF, 5 MB)
Vedlegg 5, 3D-illustrasjoner datert 17.01.2025.pdf (PDF, 47 MB)
Vedlegg 6, 17 Fasader og snitt, datert 28.01.2025.pdf (PDF, 5 MB)
Vedlegg 7, plantegninger, datert 2024.12.18.pdf (PDF, 4 MB)
Vedlegg 8 Utomhusplan, datert 11.03.2025.pdf (PDF, 27 MB)
Vedlegg 9, VA-rammeplan Rev.6 24.10.24.pdf (PDF, 2 MB)
Vedlegg 10, beregning av blågrønn faktor, datert 11.03.2025.pdf (PDF, 4 MB)
Vedlegg 11, revidert renoivasjonsteknisk plan, 29.01.2025.pdf (PDF, 679 kB)
Vedlegg 12, Samlerapport trafikk M44, datert 18.12.23.pdf (PDF, 4 MB)
Vedlegg 13, Vurdering av konsekvens av justert antall parkeringsplasser.pdf (PDF, 135 kB)
Vedlegg 14, revidert mobilitetsplan M44.docx (DOCX, 23 MB)
Vedlegg 15, Skyggeanalyse, datert 28.01.2025.pdf (PDF, 3 MB)
Vedlegg 16, supplerende støyvurderinger 17.12.2024-10.02.2025 (1).pdf (PDF, 24 MB)
Vedlegg 17 Notat kjøreadkomst rampe Reevegen.pdf (PDF, 784 kB)
Vedlegg 18, notat med vurdering av parkeringsløsning.pdf (PDF, 415 kB)
Vedlegg 19 Innkomne merknader høring og offentlig ettersyn.pdf (PDF, 15 MB)
Vedlegg 20, Merknadsoversikt for offentlig ettersyn, kommentert av forslagstiller og kommunedirektøren.docx (DOCX, 106 kB)
Vedlegg 21, revider massedisponeringsplan for Planid 0552 04.02.2025.pdf (PDF, 671 kB)
Vedlegg 22, supplerende vindsimuleringer , 21.01.2025.pdf (PDF, 4 MB)
Vedlegg 23, revidert ROS-analyse M44 09.12.2024 (2).pdf (PDF, 2 MB)