Rettleiing til utarbeiding av tekniske planar Generelle krav Det skal utarbeidast ein samla teknisk plan i målestokk 1:500 for alle areal til felles og offentleg leik, parkering, renovasjon, gangvegar og kjørevegar. Planen skal visa terrengendring, murar, gjerde, beplanting, møblering, overvasshandtering, vassforsyning, avløp og belysning. Tekniske planar som skal behandlast av Time kommune skal merkast med «Teknisk plan nr. – prosjektnavn» og sendast inn digitalt til post@time.kommune.no Alle tekniske anlegg skal prosjekterast etter kommunaltekniske normer og forskrifter. Regelverk og vilkår er å finna under kvar fagområde. Behandlinga av tekniske planar vert gjeve på bakgrunn av ein generell gjennomgang av dei innsende planane. Ansvarleg prosjekterande er ansvarleg for rett dimensjonering/prosjektering og at ønska funksjon vert ivaretatt samt at anlegget kan gjennomførast etter godkjende planar. Regelverk som ansvarleg søkjar må vera kjend med Utbyggingsavtalar (der det ligg føre) Norsk Standard – relevante reglar VA norm, Time kommune Plan- og bygningsloven Forskrift til Plan- og bygningslova om tekniske krav til byggverk (TEK17) Forskrift til Plan- og bygningslova om saksbehandling og kontroll (SAK10) Lov om vern mot forurensning og om avfall Kulturminneloven Naturmangfoldloven Retningslinjer for graving i kommunale areal (PDF, 4 MB) Eventuelle rekkefølgekrav i reguleringsplaner Avvik, overlevering, grunneigaravtalar Der det er nødvendig å avvika frå kommunale normer må dette søkast om på eigne ark, årsak til avvik må oppgjevast og forslag til løysing må visast. Ved overlevering til Time kommune må det leggast med beskriving av kva delar av anlegget som skal overleverast til Time kommune ved overskøyting eller ved eigenerklæring. Anlegget som skal ervervast av kommunen må ha eige bruksnummer. Grunneigaravtalar. Tinglyst erklæring om rett til drift og vedlikehald av VA-anlegg dersom det ligg på privat eigedom. Erklæring om rettighet Plan for vatn og avløp All planlegging, utføring og sluttdokumentasjon skal følgja felles kommunalteknisk VA-norm for Rogaland med lokale tilpasningar og vedlegg, VA-miljøblad og Standard abonnementsvilkår (administrative og tekniske bestemmelsar (ikkje fritt tilgjengeleg)). Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp skal ivareta det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den enkelte abonnent i samband med tilknytting til offentlige vatn- og avløpsanlegg. Filmdokumentasjon med trykk og tettleikstesting av røyr må gjerast etter igjenfylling av grøft, seinast før asfaltering. Plan for overvatn For planlegging og berekning skal desse retningslinjene følgjast: VA-norm, vedlegg 9 om overvannshåndtering VA-miljøblader (dei som til ei kvar tid er relevante) Rettleiar - Vatn- og klimatilpassing (PDF, 2 MB) Plan for lys Plan for offentlige belysning skal utarbeidast av Lyse. All lyssetting skal planleggast etter: Vegnorm for Sør-Rogaland-planlegging av veglysanlegg Rettleiar for lyssetjing (PDF, 4 MB) Plan for renovasjon Planlegging, utføring og dokumentasjon skal gjerast etter følgjande regelverk: Kommunalteknisk avfallsnorm (PDF, 4 MB) Avfallsforskrift 2014 (PDF, 941 kB) TEK17 § 12-12, om avfallssystem og kildesortering Andre nyttige sider: Planlegging og nedgraving av avfallscontainere (PDF, 4 MB) Nedgravde avfallsbeholdere- prosedyre ved etablering og teknisk informasjon (PDF, 113 kB) Kommunedelplan for Bryne sentrum 2015-2026 - Time kommune Vegnorm for Sør-Rogaland Plan for leikeplass og grønt Ved planlegging, utføring og dokumentering skal ein følgja norm for utomhusanlegg i Sør-Rogaland (PDF, 3 MB). Plan for veg og skilt For planlegging og utføring må du halda deg til følgjande regelverk: Vegnorm for Sør-Rogaland med lokale tilpasningar (PDF, 3 MB) Lov om vegar (veglova) Lov om vegtrafikk (vegtrafikkloven) Regler for graving i vei-og trafikkarealer, parker og friområder (PDF, 4 MB) Håndbok V320 planlegging og oppsetting av trafikkskilt Hugs at om du skal setta opp offentlege skilt må desse godkjennast av Statens vegvesen. Krav til overtaking og sluttdokumentasjon Komplett dokumentasjon for alle fagområde må leverast kommunen minst 14 dagar før overleveringsforretning. Dette må vera i tråd med VA norm Time kommune (PDF, 135 kB), kapittel 5. All grunn som skal overførast til kommunen må vera tinglyst før overleveringsforretning skjer. Sist endra 27.01.2023 10.40