Kommunedelplanar

Kommunedelplanar for eit geografisk område eller eit tema er meir detaljerte og utfyllande enn kommuneplanen. Kommunedelplanane er juridisk bindande og gjev føringar for meir detaljert planarbeid.

Interkommunal kommunedelplan for Bybåndet sør

Bybandet sør er ein interkommunal kommunedelplan kor Sandnes, Klepp og Time skal vidareføra intensjonane i fylkesdelplanen for Jæren. Planen omfattar arealer frå Ganddal i nord til Lye i sør som skal byggas ut dei neste 30 åra.

Planen er vedtatt av Time kommunestyre 18 februar 2014.

Plankart (PDF, 5 MB)
Interkommunal kommunedelplan for Bybåndet sør (PDF, 6 MB)

Kommunedelplan for Bryne sentrum 2015-2026

Time kommune veks, og framskrivingane viser at det truleg bur nær 15 000 innbyggjarar i Bryne i 2025. Vekst gir moglegheiter og utfordringar, og byutviklinga må ta omsyn til dei kvalitetane som er på staden, i tillegg til at det vert skapt nye. By- og sentrumsutvikling har fokus på korleis byen og sentrum skal utformast og dei funksjonane byen og særleg sentrum skal gje plass til.

Planen er vedtatt av Time kommunestyre 13.09.2016.
 

Plankart (PDF, 4 MB)

Kommunedelplan for Bryne sentrum 2015-2026, tekstdelen (PDF, 16 MB)

Føresegner og retningsliner (PDF, 616 kB)

Temakart (PDF, 15 MB)

Saksframlegg (PDF, 2 MB)

 

Fagnotater

Byform, byggehøgder og bukvalitet (PDF, 4 MB)

Byrom og grøntstruktur (PDF, 3 MB)

Bevaring og vidareutvikling av nyare kulturminne (PDF, 5 MB)

Kommunedelplan for Bryne sentrum 2015-2026 - Avgrensa revisjon 2020
Kommunedelplan for Frøyland/Kvernaland 2008–2020

Kommunedelplanen er vedtatt av Time kommunestyre 16.06.2009 og er gjeldande når den ikkje er i motstrid med interkommunal kommunedelplan for Bybandet sør.

Plankart (PDF, 716 kB)

 

Kulturminneplan Time kommune 2008-2019

Kulturminneplanen er kommunen si oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø, og inneheld ein plan for forvaltning av desse. Planen handlar i hovudsak om faste kulturminne frå nyare og eldre tid.

Planen er vedtatt av Time kommunestyre 04.11.2008.

Plankart (PDF, 14 MB)
Registreringskart for nyare og eldre kulturminne (PDF, 21 MB)
Kulturminneplan Time kommune 2008 - 2019 (PDF, 6 MB)

Kommunedelplan for grønstruktur i Bryne 2007 - 2018

Kommunedelplan for grønstruktur i Bryne skal sikra ei heilskapleg og berekraftig utvikling av den offentlege grønstrukturen i Bryne. Planen fokuserer på sikring av eksisterande og framtidige friområde i samband med den kraftige utbygginga i Bryne.

Behovet for friområde og gang- og sykkelvegar er vurdert på grunnlag av eksisterande og framtidig busetting i byen. Utbyggings- og næringsinteresser er og tillagt stor vekt ved lokalisering av føreslåtte friområde.

Planen er vedteken av Time kommunestyre 13.02.2007.

Plankart (PDF, 2 MB)
Kommunedelplan for grønstruktur i Bryne 2007 - 2018

Kommunedelplan for energi og klima 2011-2022

Kommunedelplan for energi- og klima skal vera styrande for saker som angår energi, klima og miljø i kommunen. Planen rører ved fleire fagområde og inneheld delmål og tiltak innan arealplanlegging, transport, eksisterande og nye bygningsmassar, landbruk, industri, lokal energiproduksjon i tillegg til haldningsskapande arbeid.

Planen skal styra utviklinga mot eit bærekraftig lokalsamfunn med energieffektive løysingar og ein høg andel fornybar energi.

Planen er vedtatt av Time kommunestyre 21.06.2011.

Kommunedelplan for energi og klima 2011-2022 (PDF, 3 MB)

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, 2016 - 2026

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er eit styringsdokument i arbeidet med å tilrettelegga for aktivitet, nærleik til aktivitet, låg terskel for aktivitet, kvardagsaktivitet, begeistring og positive opplevingar.

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (PDF, 4 MB)

Kontaktinfo

Planavdeling
E-post
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00