Ti turar i Time 2025: Tur 9, Brusaknuten, målskilt
Jan Oskar Haugen
11. april i år la me (endelig, ville nok nokon seia!) ut årets Ti turar i Time, rett før påske, og med nokre dagar med nydeleg vêr i sikte. Fleire hadde allereie etterspurt dei, så me skjønte at folk var svoltne, men du verden kor svoltne dei var! Det er på tide med ei lita oppdatering – men hugs, det er framleis fire og ein halv månad til me set sluttstrek for sesongen 1. november.
Ti turar i Time
I fjor var fyrste året me brukte QR-kodar for å registrera turgåarar, og då fekk me litt meir spesifikk statistikk enn me har hatt tidlegare. Til saman vart kodane ved turmåla skanna 2349 gonger i fjor, og etter to månadar i år er me allereie på 1082, altså nesten halvparten av heile fjoråret! Det er ganske imponerande.
Så veit me at det reelle talet på antal turar er høgare, for me ser at der det er fleire som går tur saman er det ofte berre éin person som skannar, og så berre legg inn namnet på alle som går. Det er jo greit, men viss du vil vera med i den offisielle statistikken så ber me om at du skannar sjølv og ikkje berre “sit på” med andre – for me kan ikkje manuelt gå gjennom fleire tusen tur-registreringar og sjekka kva namn som står der!
Den mest populære turen i år er, ikkje overraskande, tur 3, Melsvatnet rundt. Så langt har me 225 registreringar på denne turen, som har tur 5 Bursfjell (109), tur 8 Låglia (104), tur 4 Sælandsfjellet rundt (102) og tur 2 Kvernhallen – Håfjell (101) bak seg på lista. Den som er besøkt minst er tur 7, Tjåland – Jærbenken – Ulvarudlå – Aurenes – Tjåland, med 73 registreringar, men det er òg truleg den mest strabasiøse turen.
Stolpe nummer 82, Jærbenken. Denne stolpen finn du på kartet "Ti turar i Time".
Jan Oskar Haugen
Stolpejakten
Stolpejakten er et relativt nytt fenomen i vår kommune, og det er fyrste gongen kommunen har vore pådrivar for å setta ut stolpar. Men det blir truleg ikkje den siste! For når det gjeld Stolpejakten har me endå meir detaljert statistikk, og den statistikken ser veldig artig ut. Dei 95 stolpane me sette ut i april så langt har nemlig til saman vore skanna smått utrulege 35 483 gonger. Det er meir enn 570 skanningar kvar einaste dag, det!
Den mest populære stolpen er nummer 92, med det velklingande namnet Sykkelløype turstart, som er skanna 942 gonger. Plasseringa til den stolpen – på rekkverket til brua mellom rådhuset og Sandtangen – forklarar nok populariteten, det er antageleg den mest sentrale av alle stolpane når det gjeld turaktivitet i kommunen. Den som er skanna færrast gonger er stolpe nummer 72, Bursfjell gjerdeklyvar 1, på veg opp til toppen av Bursfjell. 65 skanningar på den fortel oss jo at mange av dykk som går Ti turar i Time ikkje er stolpejegarar (ennå!), for Ti turar-koden på toppen av Bursfjell er altså skanna meir enn 100 gonger. Men likevel: 65 på den minst populære stolpen er fortsatt meir enn éin til dagen, på ein nokså utilgjengeleg stolpe.
Den delen av statistikken gjeld kun for våre 95 stolpar, som (sett vekk frå ni stolpar på Klepp-sida av Frøylandsvatnet) alle står i Time kommune. Så sette Hå kommune ut 26 stolpar i Sveineskogen 1. mai, og dei har same brukar som oss hos Stolpejakten (Opplev Jæren), så tala me refererer til vidare er samanlagt-tal for Time og Hå, der våre tal nok er ein del større enn Hå sine fordi me har såpass mange fleire stolpar. Her er nokre høgdepunkt:
- 1242 unike brukarar
- 516 kvinner og 305 menn, av dei som har oppgitt kjønn ved registrering
- I snitt har kvar stolpejeger skanna 33 stolpar
- Flest jegarar hadde me ute 21 april, med 155 unike brukarar
- Flest stolpebesøk hadde me 1. mai (då Hå opna sitt kart), med 2076
- Den typiske stolpejegeren er ei dame fødd 1967!
Då burde sjølv den mest statistikksvoltne lesar vera god og mett, men me tek med ein liten detalj til. Me kan nemleg sjå i kva kommune stolpejegarane som besøker oss, er registrerte. Topplista er, ikkje overraskande, nokså lokal:
- Time kommune: 373
- Klepp kommune: 118
- Hå kommune: 102
- Gjesdal kommune: 92
- Sandnes kommune: 84
… men etter dei fem følger Bergen, med 68 – Stolpejakten er veldig populært i Bergensområdet – og Oslo med 42. Foran Stavanger, med 41! Så folk reiser langt for å sanke stolper på Jæren.
Og det kan me jo godt forstå, så fint som det er her. Me ønsker alle ein flott sommar på tur i jærsk natur, med både Ti turar i Time og stolpejakt!
PS: To nye stolpekart opna i Sandnes i mai, så nå kan du jakta stolpar både i Time, Hå, Gjesdal og Sandnes – og Eigersund og Strand, viss du vil reisa bittelitt lenger.