Veg og parkering

Brøyting

Time kommune har ein plan for brøyting i kommunen med ein oversikt over kva vegar som skal blir prioritert.  Sjå standard for vintervedlikehald. 

Meld feil på brøyting

 

Gatelys

Har du observert feil på nokon av gatelysa i Time kommune, kan du registrera dette i Meld feil på gatelys direkte til Lyse

Det er Lyse som ansvarleg for feil på gatelys.

Parkering - Bryne

Det er tre parkeringssoner i Bryne. I den raude sona i sentrum er parkeringa rimeleg første timen, og deretter må du betala høgare avgift for kvar time du står parkert. I sona som er merka med svart linje på kartet, startar prisane litt høgare, men stig ikkje så raskt dei neste timane du står parkert. I sona som er merka med stipla linje er det berre lov å parkere på merka plassar.

I bustadområde i stipla sone vil det vera skilta parkering forbudt utanom merka plassar frå måndag til fredag frå 09.00-17.00.

Parkeringsordninga gjeld berre offentlege parkeringsplassar med blått skilt. Private parkeringsplassar har svart skilt.

Nokre av gatene i området vil få nye merka parkeringsplassar. Desse vert plasserte der det er mogleg å ha parkering samtidig som utrykkingskjøretøy, renovasjonsbil og brøytebil kan komma fram.

Har du spørsmål om parkeringsplanen (PDF, 4 MB) kan du kontakta kommunen.

Her finn du prisar. Det er og mogleg å betala for parkering med EasyPark.

Ver og merksam på at det stadig er endringar der ute i verda, og at det derfor kan henda at kartet ikkje alltid stemmer 100%.

Parkeringsløyve for personar med nedsett funksjonsevne
Vegnorm for Sør-Rogaland

Fleire kommunar i Sør-Rogaland har i fellesskap utarbeidd Vegnorm for Sør-Rogaland (PDF, 19 MB).

Graveløyve

Vil du gjera arbeid på offentleg veg eller veggrunn må du søka om dette. Endringar på offentleg veg skal gjerast i tråd med Time kommunes lokale rettleiar. (PDF, 4 MB)

Arbeidsvarslingsplan må søkast om på eige skjema, under arbeidsvarsling.

Arbeidsvarsling

Arbeidsvarsling: Sweco

Arbeidsvarsling skal utførast som i beskrive i Handbok 301: Arbeid på og ved veg.

Loggbok kan sendast til Morten Bjorland på e-post: Morten.Bjorland@time.kommune.no.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Morten Bjorland på e-post: Morten.Bjorland@time.kommune.no eller telefon: 954 48 222.

 

Klipping av hekkar (frisiktsoner)

I denne brosjyra (PDF, 978 kB) finn du informasjon om kva avstandar det skal vera frå hekkar og buskar til gang- og sykkelvegar og fortau.

Trafikktryggleik

Ønsker du å søka om trafikksikringstiltak på kommunal veg, ber me om at dette vert fremma gjennom velforeiningar eller nabogrupper.  Dette for å sikra at tiltak er i tråd med nabolaget sine ønske.  Dersom slike foreiningar ikkje finnes der du bur, rår me til at du presenterer ei liste med underskrifter frå andre bebuarar i nabolaget ditt.  Gjeld det skuleveg kan sak fremjast gjennom FAU. 

Saksbehandlingstid. 
Det kan ta lang tid frå innspel kjem til saka vert ferdig behandla. Somme tiltak må setjast på venteliste i påvente av økonomiske midlar. 

Bubilparkering

På Bryne er det eiga bubilparkering bak Time rådhus kvar helg, og i heile perioden frå 27. juni til 11. august.

Informasjon og kart over bubilparkeringsplass

Kontakt

For spørsmål om veg og trafikksikring, kontakt Innbyggarservice på telefon 51 77 60 00

For spørsmål om asfaltering, kontakt Årne Skrettingland:  Aarne.Skrettingland@time.kommune.no (telefon 481 96 612).

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00