Ny standard for vintervedlikehald

Time kommune sin nye standard for vintervedlikehald fører til mindre brøyting og salting på vegane, men er betre for miljøet.

Driftsavdelinga i Time kommune har utarbeida ein ny standard for vintervedlikehald. Den nye standarden legg opp til ei strengare prioritering av kva vegar som skal brøytast og saltast.    

Økonomi og miljø  

Årsaka til den nye standarden er todelt: Time kommune merker som alle andre at prisane stig, og driftsnivået i kommunen må tilpassast ramane, for at kommunen sitt driftsbudsjett skal koma i balanse.   Kommunen har tidlegare ettersteva svart asfalt året rundt på kommunale vegar, noko som krev mykje ressursar.  

Den andre årsaka til ny standarden for vintervedlikehald, er miljøaspektet. Sjølv om strøing med salt er effektivt mot glatte vegar, kan store mengder salt gjera skade i naturen. At driftsavdelinga køyrer mindre med store køyretøy og brukar mindre salt på vegane i Time kommune, vil vera positivt for naturen sin del.     

Den nye standarden for vintervedlikehald inneber at dei kommunale vegane i kommunen er delt inn i 2 grupper: pri 1 og pri 2 - der pri 1 skal prioriterast først.   

Følgande standard skal etterstevas i den nye vintervedlikehaldsplanen:   

Vegar   

Dersom bilar som er normalt utstyr for vinterkøyring ikkje kjem opp bratte bakkar, skal det strøast med salt/strøsand og strøinga vert utført etter eige kart.  Strøing skal helst skje innan klokka 07:00 vekedagar og 09:00 helgedagar. 

Ved snødybde 5 - 10 cm eller meir på samle- og åtkomstvegar, vert det iverksett brøyting. Veger på pri 1 skal prioriterast først. På Bryne og Kverneland vert brøyting på vegar i pri 2 utført på dagtid i vekedagar.

I resten av kommunen vert pri 2 brøyta etter at pri 1 er ferdig, uavhengig om det er helg eller kveldstid i vekedagar.    

Gang og sykkelvegar

Gang og sykkelvegar skal vera like framkommelege som vegen dei ligg ved sidan av. På gang- og sykkelvegar skal det i hovudsak brukast strøsand. Sanden vert etterfylt ved behov.  Ved snø blir pri 1 brøyta først, etterfylgt av pri 2. Det kan i tillegg brukast salt for å hindre at det legg seg ein is-såle på vegen.

Parkeringsplassar  

Parkeringsplassar skal i utgangspunkt ikkje strøast. Ved unormale, krevjande forhold skal det strøast der bilar køyrar.   

Prioriteringskart Bryne

kart over Bryne - Klikk for stort bileteRød markering viser vegar som skal prioriterast først, medan blå markering viser vegar som er 2. prioritet.




Prioriteringskart Kverneland

kart Kverneland - Klikk for stort bileteRød markering viser vegar som skal prioriterast først, medan blå markering viser vegar som er 2. prioritet.

Prioriteringskart Lye

kart Lye - Klikk for stort bileteRød markering viser vegar som skal prioriterast først, medan blå markering viser vegar som er 2. prioritet.

Prioriteringskart Undheim

Kart Undheim - Klikk for stort bileteRød markering viser vegar som skal prioriterast først.

Prioriteringskart kommunale bygdavegar

kart Time - Klikk for stort bileteRød markering viser kva kommunale bygdavegar som skal prioriterast først, med blå markering viser 2. prioritering.

 

Me oppfordrar alle som ferdast i trafikken til å bruka gode dekk og broddar når det trengs, og til å visa omsyn til vêr, køyreforhold og kvarandre.