Kulturprisar

Kvart år deler Time kommune ut fleire prisar innan kultur. Prisane vert delte ut under ei kulturtilstelling første fredagen i november.

Prisane er: heiderspris, kulturprisen Timeglaset, byggeskikkpris, kulturstipend, idrettsstipend og innsatspokal. 

Frist

Den årlege søknads- og forslagsfristen for desse prisane er 1. juni. Det er Utval for levekår som avgjer kven som får tildelt pris etter forslag frå innbyggjarane.

Statuttar og nomineringsskjema

Statuttar kulturprisar

Heiderspris

Digitalt skjema for innsending av forslag | Frist: 1. juni

Formål
Time kommune sin heiderspris er ei påskjøning for prestasjonar som set Time og Jæren på kartet nasjonalt og internasjonalt, og bidreg til særs godt omdømme for kommunen vår.

Kven kan få heidersprisen
Heidersprisen kan tildelast enkelt personar eller grupper av personar. Den kan ikkje tildelast offentlege institusjonar eller organisasjonar.

Kandidatar til heidersprisen
Alle kan foreslå kandidatar til heidersprisen. Forslag må leverast skriftleg til Time kommune.

Heidersprisen
Heidersprisen består av eit kunstverk utført av lokal kunstnar og eit diplom i kunstnerleg utføring.

Avgjerd og utdeling
Levekår avgjer om heidersprisen skal delast ut. I år der prisen blir delt ut, blir det gjort av ordførar ved ei kulturtilstelling i Storstova første fredag i november.

Tidlegare vinnarar
2011 Kaizers Orchestra
2013 Ole Molaug
2014 Torleiv Høien
2016 Inge Brigt Aarbakke
2017 Tore Nærland
2018 Jens Erland
2019 Øyvind Nordsletten
 

Kulturprisen Timeglaset

Digitalt skjema for innsending av forslag | Frist: 1. juni

Formål
Kulturprisen – Timeglaset er den viktigaste kulturpåskjøninga i Time kommune.

Kven kan få kulturprisen – Timeglaset
Kulturprisen kan ein gje til ein person, ei gruppe eller ein organisasjon som har lagt ned eit særs verdfullt arbeid innan kultursektoren i Time.

Kandidatar til kulturprisen
Alle kan foreslå kandidatar til kulturprisen – Timeglaset. Grunngjevne forslag på kandidatar må leverast skriftleg til Time kommune.

Kulturprisen – Timeglaset
Prisen består av eit stort krystallglas teikna av kunstnaren Herborg Kverneland.

Avgjerd og utdeling
Levekår avgjer kven som får kulturprisen – Timeglaset. Prisen blir utdelt av ordførar ved ei kulurtilstelling i Storstova første fredag i november.

Tidlegare vinnarar
1985 Ola Barkved
1986 Magnus Jonsbråten
1987 Gudrun Laland
1988 Olav Stangeland
1989 Asgjerd og Ommund Taksdal
1990 Einar Sæland
1991 Haldis Hognestad
1992 Torstein Tunheim
1993 Herborg Kverneland
1994 Time fråhaldslag
1995 Åslaug Rommetveit
1996 Magnus Søyland
1997 Arvid Øglend
1998 Reidar B. Thu
1999 Nils Njå
2000 Oddny Underhaug
2001 Dortea Haugland
2002 Jonas B. Auestad 
2003 Inge Nic. Larsen
2004 Leif Andenes
2005 Brita Fotland
2006 Sverre S. Undheim
2007 Arthur Løvik
2008 Odd Vaaland
2009 Helge Lode
2010 Gabriel Høyland
2011 Svend Møller
2012 Heidi Strand Harboe
2013 Ingrid Vinningland
2014 Undheim Revyteater
2015 Terje Vold
2016 Torfinn Edland
2017 Tarald Oma
2018 Sigbjørn Reime 
2019 Endre Refsnes

Byggeskikkpris

Digitalt skjema for innsending av forslag | Frist: 1. juni

Formål
Byggeskikkprisen skal motivere til auka innsats og bevisstgjering for god byggeskikk i Time kommune.

Kven kan få byggeskikkprisen
Time kommune sin byggeskikkpris vert gitt til einskildpersonar, firma eller lag og foreiningar.

Ein kan gje prisen for nybygg, tilbygg, rehabilitering eller vern som på ein framifrå måte tek opp i seg dei lokale forholda. Særleg god arkitektur, universell utforming, materialbruk og detaljutforming bør vektleggjast.

Prisen kan ein og gje til andre tiltak som parkar, hagar og uteanlegg som i utforming og tilpassing gjer Time til
ein god kommune å opphalda seg i eller vera i. Prisen skal tildelast eit anlegg/prosjekt som er ferdigstilt.

Kandidatar til byggeskikkprisen
Alle kan foreslå kandidatar til byggeskikkprisen. Forslag må leverast skriftleg til Time kommune.

Byggeskikkprisen
Prisen består av ein bronseplakett med innskrift som skal setjast på eller i anlegget, og kr. 20 000.

Jury
Ein fagjury med to politiske medlemar, plan- og forvaltningssjef, arkitekt MNAL (oppnemnd av Norske arkitekters landsforbund - NAL ) og landskapsarkitekt (oppnemnd av Norske landskapsarkitekters forening - NLA ) tilrår kven som skal få byggeskikkprisen. Kvart medlem i juryen skal ha personleg varamedlem. Juryen skal gje ei skriftleg grunngjeving for tilrådinga. Formannskapet vel leiar av juryen.

Juryen sine oppgåver, ansvar og plikter
Juryen kan velge, som tillegg til innsendt materiale, å innhente grunngjevne forslag frå enkeltpersonar, foreningar og faginstansar. Vurderinga skal gjennomførast etter prisen sitt formål og utlysningstekst. Juryen har høve til å nytte seg av rådgjevarar. Juryen skal gi ein skriftleg uttale for valet av prisvinnar. Oversikt over alle innkomne forslag skal leggjast ved. Uttalen skal vera underskriven av samtlege jurymedlemar.

For jurymedlemar og rådgjevarar sin habilitet gjeld forvaltningslova § 6 slik at alle forhold som er eigna til å svekke tilliten til eit jurymedlem eller ein rådgjevar sin upartiskheit medfører inhabilitet. I tilfelle inhabilitet hos eit jurymedlem skal varamedlem møte.

Juryen sin funksjonstid er 4 år.

Sekretariat
Sekretærfunksjonen vert lagt til plan- og forvaltningssjefen.
Sekretariatet skal utarbeide oversikt over aktuelle kandidatar og vurdering av desse. Arkitektar, konsulentar og handverkarar som har medverka til resultatet skal omtalast.

Avgjerd og utdeling
Lokal utvikling avgjer om og kven som får byggeskikkprisen. I år der prisen vert delt ut vert det av ordførar ved ei kulturtilstelling i Storstova første fredag i november.

Tidlegare vinnarar
Kulturvernprisen
1994 May og Christian Stabel for bustadhus på Bryne
1995 Siri Gjesdal og Sven Mossige for Lensmannsgarden på Mossige
1996 Vigdis Skintveit og Kjell Torvund for bustadhus på Bryne
1997 Arne Johan Gjerde for bustadhus på Bryne
1998 Einvald Serigstad for gardsanlegg på Serigstad
1999 Hilleborg og Kjetil Sandve for bustadhus på Bryne
2000 Firma A. Tjemsland for forretningsbygg på Bryne
2001 Målfrid og Tore Norheim for gardsanlegg på Norheim
2002 Vestly grendalag for Vestly gamle skule på Vestly
2003 Reier Carlsen for bustad- og forretningslokale på Bryne
2004 David Njå for bustadhus på Njå
2005 Familien Sjo for forretningsbygg på Bryne
2006 Siv og Idar Egeland for bustadhus på Fotland
2007 Solveig og Helge Martinsen for bustadhus på Bryne
2008 Åslaug Undheim og Øyvind Nordsletten for «Arkjå» - bustadhus på Hognestad
2009 Elisabeth Hilde og Erik Nysted for bustadhus på Bryne
2010 Gro og Sigve Erland for bustadhus på Bryne

Byggeskikkprisen
2014 Anne Lovise Skailand og Hans Fjellanger for bustadhus i Rodlebakken
2015 Jartrud Gudmestad Undheim og Sigmar Undheim for bustadhus i Botn
2016 Benedicte og Trond Nessa for bustadhus på Bryne
2017 Mary og Rudin Ree for bustadhus på Bryne
2018 Foren burettslag for bustadhus på Kvernaland

Kulturstipend

Digitalt søknadsskjema | Frist: 1. juni

Formål
Kulturstipendet skal primært hjelpe kulturarbeidarar/utøvarar i Time til vidare utvikling.

Kven kan få kulturstipendet
Kulturstipendet kan ein gje til personar som gjennom yrke eller fritid tek aktiv del i kommunen sitt kulturliv.

Kandidatar til kulturstipendet
Kulturstipendet kan søkjast av enkeltpersonar som gjennom yrke eller fritid tek aktiv del i kommunen sitt kulturliv og som ønskjer vidare utvikling innan sitt fagområde. Kulturstipendet kan berre søkjast i eige namn. Kulturstipendet kan berre tildelast same person ein gong.

Kulturstipendet
Kulturstipendet består av eit diplom og kr. 25 000.

Avgjerd
Levekår avgjer kven som frå kulturstipendet. Stipendet blir utdelt av ordførar ved ei kulturtilstelling i Storstova første fredag i november.

Tidlegare vinnarar
1978 Bjørg Marit Bjørnevik
1979 Torleif Aarestad og Magnus Jonsbråten
1980 Jens Erland
1981 Søren Nedrebø
1982 Kari Olena Oma
1983 Per Egil Nygård
1984 Herborg Kverneland
1985 Inge Nic. Larsen
1986 Reidar Aase og Kirsten M. Bjerga
1987 Rita Rosseland
1988 Steinar Lyse
1989 Bjørn Reime
1990 Solveig Grødem
1991 Rita I. Heigre
1992 Liv Skrudland
1993 Harald Undheim og Rita Fotland
1994 Astrid Finsrud
1995 Heidi Barvik
1996 Sveinung Bøe
1997 Silje Haarr
1998 Herborg Larsen
1999 Heidi Strand Harboe
2000 Synneva Erland 
2001 Erlend Lygren
2002 Trond Ole Paulsen
2003 Marte Egeland
2004 Magnus Rommetveit Staveland
2005 Einar Jullum Leiknes
2006 Erik Klepsland Mauland
2007 Sindre Fjetland Øgaard
2008 Stine Rommetveit
2009 Signe Irene Stangborli Time
2010 Ingeborg Skrudland
2011 Hege Orstad
2012 Ingen søkjarar / tildeling
2013 Dan Skjæveland
2014 Ingen tildeling
2015 Hilde Selvikvåg
2016 Mangus Røise Lygren
2017 Eline Ødegård Egeland
2018 Miriam Aasland
2019 Ruben Lode Jonassen
 

Idrettsstipend

Digitalt søknadsskjema | Frist: 1. juni

Formål
Idrettsstipendet skal stimulera unge utøvarar i Time til å utvikla seg i sin idrett, noko som i neste omgang kan bidra til heving av det idrettslege nivået i kommunen. Stipendet kan nyttast til trenarhjelp, deltaking i treningar, samlingar, konkurransar, samt utstyr til trening og konkurransar. I søknaden må ein oppgi formålet med stipendet, og trenings- og konkurranseopplegg må beskrivast.

Kven kan få idrettsstipendet
Idrettsstipendet kan ein gje til personar i aldersgruppa 15-25 år som gjennom trening og konkurransar tek aktivt del i kommunen sitt idrettsliv som utøvarar.

Kandidatar til idrettsstipendet
Idrettsstipendet kan søkjast av enkeltpersonar i aldersgruppa 15-25 år som er aktiv i kommunen sitt idrettsliv, og som ønskjer vidare utvikling innan sitt område. Idrettsstipendet kan berre søkjast i eige namn. Stipendet kan berre tildelast same person ein gong.

Idrettsstipendet
Idrettsstipendet består av eit diplom og kr 25 000.

Avgjerd og utdeling
Levekår avgjer kven som får idrettsstipendet. Time idrettsråd skal ha høve til å uttala seg i førekant av Levekår si behandling av saka.

 

Vinnar 2019: Stina Nygård

Innsatspokal

Digitalt skjema for innsending av forslag | Frist: 1. juni

Formål
Formålet med innsatspokalen er å heidre og stimulere pris vinnaren til vidare innsats innan sitt fagområde.

Kven kan få innsatspokalen
Innsatspokalen kan ein tildele utøvarar, individuelt, eller som lag, leiarar eller organisasjonar innan områda: Allmenn kultur, barne og ungdomsarbeid, idrett, song og musikk.

Kandidatar til innsatspokalen
Grunngjevne forslag på kandidatar må sendast til Time kommune av enkeltpersonar, organisasjonar og kulturinstitusjonar.

Innsatspokalen
Innsatspokalen består ev eit innkjøpt kunstverk.

Avgjerd og utdeling
Levekår avgjer kven som får innsatspokalen. Pokalen blir utdelt av ordførar ved ei kulturtilstelling i Storstova første fredag i november.

Tidlegare vinnarar
1994 Øystein Røiseland
1995 Helge Lode
1996 Thor Inge Kalberg
1997 Thor Skauvik
1998 Erling Dagsland
1999 Willy Finnbakk
2000 Kristian Vinningland
2001 Oddbjørn Fosse
2002 Johannes Aanestad
2003 Jane Torsen Haugland og Monica Salvesen
2004 Gaute Eik
2005 Ivar Lommeland
2006 Torvald Tjåland
2007 Johanna Hauge
2008 Osvald Kvam
2009 Terje Høyland
2010 Kari og Oddvar Egeland
2011 Egil Sølvberg
2012 Maksklubben
2013 Sandtanggjengen
2014 Kurt Borgund
2015 Astrid Skjelbred
2016 Svein Åge Skjæveland 
2017 Gerd Karlsen
2018 Astrid Holen
2019 Leiv Tafjord



 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00