Ny ordning for hageavfall

Grøn renovasjonsdunk for hageavfall - Klikk for stort bilete Jorunn Bogevik

Nå kan innbyggarar i Time bestilla eigen dunk til hageavfallet sitt. 

1. januar 2024 trådde ei ny ordning for handtering av hageavfall i kraft. Ordninga inneber at innbyggarar ikkje lenger kan kasta hageavfallet sitt i den brune dunken som tidlegare.  

Eigen dunk for hageavfall

Innbyggarar i Time får nå tilbod om eigen dunk for hageavfall (240 liter):

  • Pris for dunken vert 370 kroner per år.
  • Dei som bestilte dunk i januar og februar 2024 vil få dunken utlevert i løpet av februar og mars. Deretter vert dunkar levert ut fortløpande etter bestilling. Då det er mange dunkar som skal leverast ut kan det ta nokre veker før dei som bestiller i mars og april får dunken sin. 
  • Dunken skal tømast ein gong i månaden i vekstsesongen, frå og med april 2024. Dei to første gongene vert tirsdag (Bryne) og onsdag (resten av kommunen) i veke 16 og 20. Tømminga vil skje på ettermiddag og kveldstid. Om renovatørane ikkje rekk alle dunkane på ei rute, vil dei koma tilbake neste dag. La derfor dunken stå ute ein dag ekstra om den ikkje vert tømd.
  • Datoar for tømming vert lagt til i renovasjonsappen før første tømming i veke 16. 
  • Innbyggarar som ikkje vil ha eigen dunk for hageavfall, må handtera hageavfallet sitt på annan godkjend måte.   

Dunk for hageavfall kan bestillast her:

Bestilling eller endring av bossdunkar

Kva kan eg kasta i dunken?

IVAR IKS har laga ein oversikt over kva du kan kasta i dunkane for mat- og hageavfall. Denne oversikten finn du her:

Sorteringsguide for mat- og hageavfall

Andre ordningar for hageavfall

  • Hageavfall kan også leverast gratis på gjenvinningsstasjonane på Sele og Forus heile året. Informasjon om gjenvinningsstasjonane finn du her: IVAR sine gjenvinningsstasjonar
  • Det er også mogleg å bestilla henting av inntil 3 m3 hageavfall tre gonger i året, dette kan du lesa meir om her: Informasjon om henting av avfall

Det er fleire årsaker til endringa: 

  • 1. januar 2024 trådde den nye avfallsforskrifta i kraft. Den pålegg alle kommunar å kjeldesortera hageavfall og levera det til gjenvinning. 
  • Time kommune, og andre medlemskommunar i IVAR, har levert hageavfall saman med matavfall til IVAR sitt biogassanlegg på Grødaland. Erfaringane etter tre års drift er at stein, fiber og sand frå hageavfallet fører til store driftsproblem i anlegget, noko som igjen har ført til at ein stor del av avfallet må sorterast ut manuelt. I tillegg har hageavfallet lite biogasspotensial. 
     

Meir informasjon om renovasjon i Time finn du her:

Renovasjon i Time kommune