ⓘ Aktuell informasjon

Nytt om renovasjon i 2026

 

Den nye tømmekalenderen for 2026 finn du her: Tømmekalender 2026 (PDF, 2 MB)

 

Innføring av dynamiske tømmeruter:
Frå 1. januar 2026 gjekk me over frå faste til dynamiske tømmeruter i Time kommune. For deg som innbyggar betyr det at du ikke lenger har ein fast tømmedag for dei forskjellige typane avfall, men tømmedagen forskyvast kvar gong det kjem ein heilag- eller høgtidsdag på ein vekedag. Endringa skjer på grunn av utfordringar den førre ordninga gav oss med gjeldande lovverk for arbeidstid og overtid. Du kan lesa meir om det her: Innføring av dynamiske tømmeruter frå 2026

 

Endring i rutinane for sortering av plastavfall:
Frå 1. september 2026 er IVAR sitt gjenvinningsanlegg på Forus operativt igjen. Dette anlegget er i stand til å sortera plast ut ifrå restavfallet, og derfor er det frå denne datoen slutt på separat plastinnsamling. Dette får ikkje andre konsekvensar for innbyggarane i Time kommune enn at dei fire konteinarane for plastavfall (Bryne, Kvernaland, Lye og Undheim) vert fjerna, og at all plast frå 1. september skal kastast i restavfallet. Fører dette til at du får for lite plass i restavfallsdunken må du bestilla større dunk via dette skjemaet: Bestilling eller endring av bossdunkar

 

Ny dunk for glas- og metallemballasje:
I løpet av våren 2026 skal alle husstandar i kommunen ha fått sin eigen 140-liters dunk for glas- og metallemballasje. Dunken har turkis lokk med bilete av ei glasflaske på, og tømmedatoane finn du i tømmekalenderen for 2026. Det er per i dag ikkje mogleg å velja vekk denne løysinga, og konteinarane for glas- og metallemballasje som har vore utplasserte tidlegare vert fjerna i løpet av september. Du kan lesa meir om endringa her: Glas- og metallemballasje

 

Posar for matavfall:
Me minner framleis om at posar for matavfall KUN skal nyttast til matavfall. Om desse posane vert nytta til restavfall vil ikkje restavfallsdunken bli tømt.

Renovasjon