Hushaldsavfall

I Time kommune skal alt avfall kjeldesorterast.

Sorteringsguiden 

gir tips og råd om kor du skal kaste dei ulike avfallstypane som oppstår i ein hushaldning. Finn du ikkje avfallstypen du leitar etter, kan du finne hjelp på www.sortere.no.

På tømedagen skal avfallsdunken plasserast i vegkanten i kjøreruta. Tømedagen finn du i tømekalenderen (PDF, 2 MB). Tømekalenderen blir delt ut i desember kvart år, og viser ei oversikt over renovasjonsrutene og kva dag dei ulike avfallstypane blir henta.

Kommunen hentar følgande kjeldesortert avfall hos deg:

Restavfall

Grå/svart dunk – Her kastar du plast og avfall som ikkje kan gjenvinnast (tilgrisa papir, oske, støvsugarposar, keramikk/porselen, gåvepapir, bleier og bind osv.). Sjekk sorteringsguiden om du er i tvil om noko. Dunken blir tømd kvar 2. veke.

 

Ekstra restavfall kostar 55 kroner per sekk.

Skal du levera meir restavfall enn det er plass til i dunken, kan du betala for å få levert ekstra sekk. Du kan betala med vipps nr 601079. Transaksjonsnummeret du då får oppgjeve skriv du med tusj på sekken. Bruk gjennomsiktig sekk. Du kan og, i opningstida på rådhuset, kjøpa klistermerke til å lima på ein gjennomsiktig sekk. Pris per sekk for begge ordningane er 55 kroner.

Sekk(er) med restavfall set du saman med dunken når det er tømming av restavfall.

Papp- og papiravfall

Blå dunk – Her kastar du papiravfall (aviser, vekeblad, reklame, skrivepapir, mjuk/tynn papp/kartong). Sjekk sorteringsguiden om du er i tvil. Dunken blir tømd kvar 4. veke.

Mat- og hageavfall

Matavfall: Dette kastar du i den brune dunken. Kast avfallet i ein matavfallspose før du kastar det i brun dunk. Dunken blir tømd kvar 2. veke (sjå dato i tømekalender).

Hageavfall: Frå 1. januar 2024 er det ikkje lov å kasta hageavfall i den brune dunken. Innbyggarar i Time kan bestilla eigen dunk for hageavfallet sitt. Les meir om dunk for hageavfall her.

Har du store menger hageavfall som du ønskjer å bli kvitt, kan du bestilla henting av dette på www.hentavfall.no. Gå inn på lenka for å finna meir informasjon om tenesta, samt bestillingsskjema. Hentetenesta er gratis for deg som bur i Time kommune.

Plastavfall

Innbyggarar kan levera plastavfall på fire ulike returpunkt i Time. Ordninga er mellombels fram til sorteringsanlegget til IVAR igjen kan sortera ut plast frå restavfallet automatisk.

Returpunkta er etablert ved desse stadene:

  • Coop Extra på Lye (Prestegardsmarka 2, 4347 Lyefjell)
  • Samfunnshuset Kvernaland SA (Gamle Åslandsvegen 7, 4355 Kvernaland)
  • Coop Prix Undheim (Kjelvevegen 1, 4342 Undheim)
  • Kiwi Bryne Torg (Jernbanegata 13, 4340 Bryne)

 

Grovavfall

Grovavfall er avfall som ikkje får plass i vanlege søppelspann eller innkastluker til nedgravne konteinarar (møbler, store elektriske produkt, kvitevarer osv.). Det kan og vera gjenstandar som er fullt brukbare, men som du ønskjer å bli kvitt.

Kommunen kan henta grovavfall gratis heime hos deg. Denne tenesta bestiller du på www.hentavfall.no.

Mengda som skal hentast må vera på minimum 0,5 kubikkmeter og maksimum 3 kubikkmeter. 0,5 kubikkmeter tilsvara omtrent størrelsen på en vaskemaskin.

Avfallet skal setjast ut mot kjørbar veg, og då helst på eiga tomt. Ein god regel er at du plasserer avfallet du vil ha henta, på same staden som du set ut avfallsdunken for tøming. Avfallet skal setjast ut kvelden før, eller seinast kl 7.30 på sjølve hentedagen. Sett avfallet slik at det ikkje er til hinder for allmenn ferdsel og trafikk.

Abonnenten har sjølv ansvar for avfallet fram til det blir henta. Dekk gjerne til avfallet, om det er nedbør. Dette gjeld spesielt grovavfall som skal til bytteboda.

 

Dette er ikkje grovavfall:

  • Bygningsavfall som vindu, dører eller plankar
  • Hageavfall og juletrær
  • Stein og jord
  • Vanleg søppel som kan kastes i grå dunk
Farleg avfall

Raud boks – Her kastar du farleg avfall som blant anna lim, lakk, kjemikaliar, batteri, småelektronikk, matolje og lyspærer utan papp. Sjekk sorteringsguiden om du er i tvil.

Kommunen hentar farleg avfall gratis heime hos deg. Henting kan bestillast via www.hentavfall.no.

Den raude boksen skal setjast ut mot kjørbar veg, og då helst på eiga tomt. Ein god regel er at du plasserer avfallet du vil ha henta, på same staden som du set ut avfallsdunken for tøming. Avfallet skal setjast ut kvelden før, eller seinast kl 7.30 på sjølve hentedagen. Plasser avfallet slik at det ikkje er til hinder for allmenn ferdsel og trafikk. Abonnenten har sjølv ansvar for avfallet fram til det blir henta.

Har du ikkje raud boks?
Du kan henta den raude boksen på Innbyggarservice i rådhuset. Det er sjølvbetening, og du kan ta 1 stk. boks med til hushaldet gratis. Boksen kan og bestillast her.

Avvik i renovasjonstenesta?

Meld gjerne inn avvik via tenesta «MELD FEIL». Avvika kan vere manglande tøming, øydelagt avfallsdunk eller avfallsanlegg, forsøpling osv. Hugs å oppgi kontaktinformasjon, slik at me kan kontakta deg ved spørsmål eller anna.

Lover og reglar

Renovasjonsforskrifta.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00