Ny ordning for hageavfall i 2024

brun avfallsdunk - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar neste år kan du ikkje kasta hageavfall i den brune dunken for bioavfall. Innbyggarar i Time vil i forkant få tilbod om eigen dunk for hageavfallet sitt.  

1. januar 2024 trer ei ny ordning for handtering av hageavfall i kraft. Ordninga inneber at innbyggarar ikkje lenger kan kasta hageavfallet sitt i den brune dunken for bioavfall som tidlegare.  

Frå 1. januar skal bioavfallsdunken berre nyttast til matavfall frå hushaldningar.  

Det er fleire årsaker til endringa: 

  • 1. januar 2024 trer den nye avfallsforskrifta i kraft. Den pålegg alle kommunar å kjeldesortera hageavfall og levera det til gjenvinning. 
  • Time kommune, og andre medlemskommunar i IVAR, har levert hageavfall saman med matavfall til IVAR sitt biogassanlegg på Grødaland. Erfaringane etter tre års drift er at stein, fiber og sand frå hageavfallet fører til store driftsproblem i anlegget, noko som igjen har ført til at ein stor del av avfallet må sorterast ut manuelt. I tillegg har hageavfallet lite biogasspotensial. 

Politisk vedtatt

31. august 2023 vedtok derfor Utval for lokal utvikling at innbyggarar i Time kommune skal få tilbod om ein eigen avfallsdunk for hageavfall. Dunken skal tømmast med fast frekvens i vekstsesongen, frå mars/april til oktober. Innbyggarar som ikkje vel dunkløysing, må handtera hageavfallet sitt på annan godkjend måte.  

Pris og bestilling 

Det er framleis ikkje fastsett pris på den nye hageavfallsdunken.

Meir informasjon om pris, samt informasjon om bestilling av hageavfallsdunk og tømmefrekvens vil koma i løpet av hausten 2023.  

Fram til 1. januar 2024 kan innbyggarar kasta hageavfall i den brune bioavfallsdunken som før.