ⓘ Aktuell informasjon

Eigenberedskapsveka 2026: Informasjonspunkt i Time kommune når mobilnett og internett ikkje verkar

Kvar gjer du dersom mobilnettet og internett sluttar å fungera? Som innbyggar er det viktig at du er godt førebudd dersom elektronisk kommunikasjon blir borte.

Illustrasjon av kommunalt informasjonspunkt i krisetid - Klikk for stort bilete

 

I veke 44 vert Eigenberedskapsveka arrangert over heile landet. Årets tema er korleis samfunnet kan handtera situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt. For mange er tilgang til informasjon og kommunikasjon ein viktig del av kvardagen. Dersom desse tenestene fell bort over tid, kan det bli vanskeleg å få oppdatert informasjon frå styresmaktene og halda kontakt med andre.

Som ein del av kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, har Time kommune etablert eit informasjonspunkt som kan opnast ved langvarig bortfall av straum, mobilnett og internett.

Her finn du informasjonspunktet for innbyggarar i Time kommune:

Innbyggarservice ved Time rådhus
Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne

Ved ei større krise bør du fyrst og fremst halde deg heime og klare deg sjølv så langt det er mogleg. Informasjonspunktet er meint for korte besøk, og det er viktig at du berre møter opp dersom det er heilt nødvendig.

På informasjonspunktet kan du: 

  • få oppdatert informasjon om situasjonen frå kommunen
  • koma i kontakt med kommunale tenester
  • gje viktig informasjon til kommunen

Informasjonspunktet er: 

  • Ikkje ein stad for utdeling av mat og drikke
  • Ikkje ein stad for lading av mobil eller tilgang til internett
  • Ikkje ein tilflukts- eller overnattingsstad
  • Ikkje ein stad for medisinsk behandling
  • Ikkje ein erstatning for eigenberedskap

Har du behov for hjelp av naudetatane? 

  • Treng du politi: Møt på politistasjonen
  • Treng du helsehjelp: Møt på legevakta eller sjukehuset
  • Treng du brannvesen: Møt på brannstasjonen

Sju råd for korleis du kan halde deg oppdatert ved bortfall av mobillnett og internett 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har utarbeidd sju enkle råd som kan gjera det lettare å få viktig informasjon og halda kontakt med andre dersom mobilnett eller internett blir utilgjengeleg: 

  • Skaff deg ein DAB-radio som går på batteri eller sveiv
  • Sørg for å ha ekstra batteri til viktig utstyr
  • Lad opp batteribank(ar) og utstyr når du får varsel om uvêr eller andre hendingar
  • Vurder abonnement på ulike mobilnett i husstanden
  • Avtal alternative måtar å kommunisera på med familie og nære
  • Vit kor kommunen sitt informasjonspunkt er
  • Ver ein beredskapsven og hjelp kvarandre dersom ei krise oppstår

 

Les meir om eigenberedskap på DSB sine sider: Egenberedskap