Programmet kan endra seg noko
fram mot konferansen.
08.00 – 08.30
Registrering
… og mingling på Bryne kino.
Noko å bita i.
08.30
Velkommen
v/ Trygve Apeland, kommunedirektør i Time

Dagens konferansier:
Harald Eide Ellingsen

Harald Eide Ellingsen er kjend både som standup-komikar og som
ein av dei tre mennene i den populære podkasten "3 menn og en bobil".
Han held òg foredrag om viktigheita av humor og forsøker alltid
å sjå det morosame i det meste som skjer.
08.50
Kulturelt innslag v/ Fantefølge

Eldsjelene i Fantefølge starta opp med teater på Bryne i 2010
og har etter seksten års drift bestemt seg for å setta punktum med
Reisen til julestjernen i Storstova i desember. På Bykonferansen
viser dei ein smakebit på det som har gleda store og små
over heile Jæren dei seksten siste åra.
09.05
Korleis vurderer bedriftene utsiktene framover?
Ronny Kalgraff, SpareBank 1 Sør-Norge

Ronny Kalgraff er banksjef for bedriftsmarkedet hos SpareBank 1
Sør-Norge. Han tek eit blikk på dei viktigaste hovudelementa
frå banken sitt ferske konjunkturbarometer.
Kva seier “Bryne-indeksen”?
1. bolk 09.25 – 10.00
Brussel er nærmare enn du trur
Åshild Moen, Europa-koordinator for
Stavangerregionens Europakontor

Åshild Moen har dei siste to åra arbeidd tett på EU i Brussel.
Bli betre kjend med Stavangerregionens Europakontor og korleis
kontoret arbeider for å fremma Rogaland sine interesser i EU.
Du får òg ei oppdatering om kva som står på EU-dagsordenen,
og eit innblikk i moglegheitene som finst gjennom EU sine
program og finansieringsordningar.
Kultur i beredskap
Tone Grindland, adm.dir Stavanger Konserthus

10.00
Pause
2. bolk 10.25 – 11.30
Korfor bry seg om Ukraina?
Jonas Sayed, stortingsrepresentant for KrF
og tidlegare ordførar i Sokndal kommune

Time kommune sitt engasjement i Ukraina
Trygve Apeland, kommunedirektør i Time
Tarald Magne Oma, kommunestyrerepresentant i Time (Sp)

Kva skal me eigentleg med eigenberedskap?
Leif Tore Lindø, Stavanger Aftenblad

11.30
Lunsj i Brynebyen
Lunsjen går føre seg på fire spisestadar i Bryne sentrum:
Brix, Enigma, Møllehagen og Rits.
3. bolk 12.30 – 13.45
Korleis ser eigentleg verda ut i dag – og kva betyr det for oss på Jæren?
Eirik Løkke, rådgjevar i tankesmia Civita

Frå kriminalomsorgen i Lofoten til pizzavogn på Torget
Camilla Jåtten, Hoga Pizza

Surdeigsgründer med luftige planar
Maggi Gausel, bakar og matforfattar

13.45
Pause
4. bolk 13.55-14.30
Snorre og Rogaland
Kjell Arild Pollestad, forfattar og teolog

Kjell Erik Pollestad gav ut ei heilt ny omsetting av Snorres
Kongesagaer i 2012. Erling Braut Haaland og faren Alfie har med
si store sagagåve til Time kommune gitt ein ny motivasjon for å sjå
nærare på kva verk som dette kan bety for vår region og sjølvkjensle
– og kven betre til å gjera det enn pateren sjølv?
14.20
Byutviklingsprisen 2026
Delast ut av Andreas Vollsund, ordførar i Time
15.00
Middag
… og mingling på Bryne Kro & Hotell
Underhaldning ved dagens konferansier