Matavfallsposar - ekstra avfallssekk

Slik får du tak i matavfallsposar: Heng ein matavfallspose, eller skriv og heng ein lapp, på matavfallsdunken din.

Posar til burettslag/sameige og liknande

Abonnentar som har felles oppsamlingsdunkar får utdelt matavfallsposar på førespurnad. Når burettslaget er tom for posar, ta kontakt med Innbyggarservice i Time kommune: service@time.kommune.no. Skriv tydeleg kva burettslag/sameige det gjeld, adresse og kontaktperson med telefonnummer. Opplys gjerne også om kor de vil posane skal leggjast hen.

Ekstrasekker

Ekstra restavfall kostar 55 kroner per sekk.

Skal du levera meir restavfall enn det er plass til i dunken, kan du betala for å få levert ekstra sekk. Du kan betala med vipps nr 601079. Transaksjonsnummeret du då får oppgjeve skriv du med tusj på sekken. Bruk gjennomsiktig sekk. Du kan og, i opningstida på rådhuset, kjøpa klistermerke til å lima på ein gjennomsiktig sekk. Pris per sekk for begge ordningane er 55 kroner. Har du meir enn ein sekk må du betale og få eige transaksjonsnummer for kvar sekk.

Sekk(er) med restavfall set du saman med dunken når det er tømming av restavfall.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00