Innføring av dynamiske tømmeruter frå 2026

Alle husstandar i Time kommune mottek i desse dagar eit informasjonsbrev om endringar i renovasjonsordninga. Viktigast av alt: Me innfører dynamiske tømmeruter frå nyttår – og dette får konsekvensar for alle.

Elektrisk søppelbil frå Renovasjonen IKS - Klikk for stort bilete

 

Dagens renovasjonsordning inneber køyring av doble skift i dagane etter heilagdagar for å henta inn dei rutene som vart «ramma» av heilagdagsfri. Dette skaper utfordringar knytt til gjeldande lovverk for arbeidstid og overtid, og frå 1. januar 2026 vil me derfor innføra dynamisk tømmekalender.

Kva betyr det for deg?

Kvar gong ein raud dag (heilagdag eller offentleg fridag) hamnar på ein vekedag i kalenderen, vert tømmedagen din utsett med éin kvardag. Har du for eksempel hatt tømmedag på ein onsdag i 2025, vil 1. nyttårsdag sørga for at tømmedagen hamnar på ein torsdag frå 2. januar, og fram til påske. I påsken kjem tre nye heilagdagar på vekedagar: Skjærtorsdag, langfredag og 2. påskedag – det betyr at tømmedagen din vert utsett med tre nye kvardagar. Altså vil din nye tømmedag etter påske vera tysdag, og fortsetta å vera tysdag til neste heilagdag på ein vekedag, som er Kristi himmelfartsdag.

Skjermbilde av korleis renovasjonsappen ser ut i App Store - Klikk for stort bilete

Var dette litt komplisert?

Det forstår me. Men det er derfor du skal bruka renovasjonsappen vår! Søk etter «Renovasjon Time kommune» i App Store eller Google Play og installer appen i dag. Me sørger for at han alltid er oppdatert. Til høgre ser du korleis han ser ut.

Her kan du òg lasta ned tømmekalenderen for 2026:

Tømmekalender for Time kommune 2026 (PDF, 2 MB)

Skriv han ut og heng han på veggen (eller på veggen hos foreldra dine)!

Det viktigaste er likevel kanskje at alle ganske enkelt må vera klar over at det ikkje lenger nyttar å hugsa at «min tømmedag er onsdag». For om han er onsdag i dag, så er han kanskje ein annan dag neste veke. Det endrar seg.

For meir informasjon om det som er nytt i renovasjonsordninga frå nyttår kan du klikka på denne lenka:

Nytt om renovasjon i 2026