Påmelding pensjonistseminar 12. juni

Vårt årvisse og populære pensjonistseminar skal haldast i juni. Nytt av året er at også Hå og Klepp kommunar er inviterte til å vere med i Storstova.

Illustrasjon av pensjonistar som driv forskjellige aktivitetar - Klikk for stort bilete

 

“Korleis kan ein sjølv ta grep for å leva eit godt liv?” er overskrifta for samlinga, som altså haldast i Storstova på Bryne, og varar frå kl 10 til kl 14, onsdag 12. juni. Seminaret tilbyr tips og nyttig informasjon til deg som er pensjonist, på fleire område som erfaringsmessig er utfordrande for godt vaksne menneske.

Program for dagen:

09.30 Morgonkaffi
10.00 Kulturelt innslag
10.05 Opning av dagen Kommunalsjef i Time kommune, Britt Ellinor Scott
10.15 Kvardagsgleder Psykolog Astrid Moi Vårdal
10.35 Framtidsfullmakt Jan Salve Torgersen
11.05 Margot utfordrar velferdsteknologien
11.30 Pause med enkel matservering
12.15 Kulturelt innslag
12.30 Bedrageri Politikontakt Gustav Grastveit
12.50 Aldring, alkohol og legemidlar Svein Martin Tungland
13.10 Fysisk aktivitet - alder ingen hindring Ingrid Edland-Næsse og Elisabet Søvik Kjølvik
13.30 Me må ta eit tak sjølv! Åse Njå
13.50 Oppsummering Kommunalsjef i Time kommune, Britt Ellinor Scott

Praktisk info og påmelding:

På grunn av enkel matservering ber me om at du melder deg på innan 5. juni via knappen under:

Påmelding pensjonistseminar

Har du matallergiar må du gje oss opplysningar om dette.

Kommunevåpen og -logoar for Time, Hå og Klepp - Klikk for stort bilete