Trening eller rørsle som gjer deg litt sveitt på ryggen førebyggjer plager og er ei viktig kjelde for betre helse, livskvalitet og overskot. Når du får opp pulsen investerer du i framtida, og det er aldri for seint å byrja. Det skal ikkje så mykje til, og litt er alltid mykje betre enn ingenting. Vel aktivitetar du trivst med og gjer det til ein vane. Her finn du informasjon om ulike tur- og treningsmoglegheiter i Time