Lån av friluftsutstyr

Lyst på tur, men manglar utstyr? Privatpersonar, organisasjonar og skular kan låna turutstyr frå utstyrslageret på Bryne.

Lån utstyr frå frilager.no

Utstyrslageret er eit samarbeid mellom Frilager, Bedehuskirken, Blå kors og Time kommune.

  • Merk at varer må bestillast to dagar før du har tenkt å bruka det. Hent varene i trehytta som er plassert utanfor Saron. Kode for lås vert utlevert til leigetakar.
  • Lån av utstyr er gratis for skular og andre kommunale verksemder. Frivillige organisasjonar får 50% rabatt.

Bestill utstyr frå frilager.no

Eksempel på utstyr du kan låna/leiga. Nokre av varene kan du bestilla som klassesett:

  • tursko
  • skøyter og hjelmar
  • ski
  • tursekkar
  • telt og lavo
  • Fiskestang (klassesett)
  • Kokeapparat
  • Liggeunderlag og sovepose
  • Klatreutstyr
  • Aggregat

Frilager er eit samarbeid mellom Stavanger Turistforening, Vesterlen speiderkrets, Ryfylke friluftsråd og Jæren friluftsråd.

Kontaktinfo

Hilde Birkeland
Bedehuskirken
E-post
Telefon 51 48 67 80

Adresse

Bedehuskirken
Meierigata 11
4340 Bryne

Kart