Badeplassar

Eivindsholtjørn - Klikk for stort bileteEivindsholtjørn på Bryne

 I Time finn du fleire gode, trivelege badeplassar. Nyt dei i sommar.

Sjekk kvaliteten på badevatnet

Dei siste åra har vasskvaliteten på badevatna våre i Time vore god. Samtidig er det alltid ei fare for at giftige algar blomstrar opp i vatnet.

For å kunna vurdera badevasskvaliteten over tid, tek me prøvar frå åtte utvalde badeplassar i Time tre gonger i løpet av sommaren. I år er datoane 23. juni, 21. juli og 18. august, og når resultata er klare nokre dagar seinare oppdaterer me tabellen under.

I og med vasskvaliteten kan endra seg, er det likevel viktig at du sjølv vurderer kvaliteten på vatnet før du badar:

Sjekk om vatnet er klart, og ikke gå uti dersom vatnet er grønt eller grumsete. 

Ein tommelfingerregel er at ein bør kunna sjå botnen på éin meter djupt vatn. I tillegg må det ikkje flyta algeflak eller belegg på vatnet.

Du finn meir informasjon om blågrønnalgar på nettsida til Folkehelseinstituttet 

Kvalitet på badevatn
BadeplassDato for prøvetakingVasskvalitetTemperatur
Eivindsholtjørn18. august 2026God kvalitet17,2
Frøylandsvatnet ved Sandtangen18. august 2026God kvalitet17,3
Frøylandsvatnet ved Gåsevik18. august 2026God kvalitet17,3
Tjoratjørna, Lye, ved badeplass18. august 2026God kvalitet16,9
Melsvatnet ved badeplass aust18. august 2026God kvalitet17,7
Tjålandsvatnet ved utløpet18. august 2026God kvalitet16,1
Stemmen, Kvernaland, ved badeplass18. august 2026Mindre god kvalitet15,6
Åsvatnet ved badeplass18. august 2026God kvalitet17,9

God kvalitet = Mindre enn 100 tarmbakteriar/100 mL
Mindre god kvalitet = 100-1000 tarmbakteriar/100 mL
Ikkje akseptabel kvalitet = Meir enn 1000 tarmbakteriar/100 mL

Om badeplassane

Eivindsholtjørna
Frøylandsvatnet v/Sandtangen
Frøylandsvatnet v/Gåsevik på Kvernaland
Melsvatnet
Stemmen på Kvernaland
Tjoratjørna
Tjålandsvatnet
Åsvatnet

 

Kart over badeplassar