Lysløyper

Langs Frøylandsvatnet er det fleire lysløyper som heng saman, noko som opnar for ei rekkje ulike løypeval. God tur, året rundt!

 

Lysløyper

Sandtangen, Bryne
  • 2 kilometer lysløype på turstiar i Sandtangen på Bryne.
  • 5 kilometer lysløype frå Sandtangen til brua Midgardsormen
  • Grusa turveg
  • Lys heile året. Lysa går på når sola går ned, vert sløkt mellom kl. 24.00 og 05.00, og vert slått av igjen ved soloppgang
  • Godt eigna for barnevogn
  • Tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Rasteplassar og kvilebenkar
  • Trimpark
  • Parkeringsplass ved Storstova kulturhus
Langs Frøylandsvatnet, Bryne - Kvernaland
  • Kring 8 kilometer lysløype på grusa turveg
  • Lys heile året. Lysa går på når sola går ned, vert sløkt mellom kl. 24.00 og 05.00, og vert slått av igjen ved soloppgang
  • Kan gjerast om til rundløype ved å gå tilbake på austsida av vatnet eller kryssa brua Midgardsormen. Mesteparten av den ruta går då på sykkelsti med asfalt og gatelys. Løypa rundt heile vatnet er 16,7 km. Kryssar du vatnet ved Midgardsormen er løypa 9,2 kilometer om du startar frå Bryne og 10,4 km om du startar frå Kvernaland
  • Godt eigna for barnevogn
  • Tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Rasteplassar og kvilebenkar
Njåskogen
  • 3 kilometer lysløype
  • Grusa turveg
  • Lys heile året
  • Godt eigna for barnevogn
  • Tilrettelagt for rullestolbrukarar
  • Heng saman med brua Midgardsormen med tilhøyrande lysløype som går til Kvernaland eller Bryne
  • Det er fleire andre turstiar i Njåskogen. Desse er utan lys
  • Parkeringsplass. 20 kr i parkeringsavgift
Kvernstien, Undheim
  • 1,4 kilometer lang lysløype i Undheim sentrum
  • Underlaget er grus på eine halvdelen og asfalt på andre halvdelen
  • Lys heile året
  • Godt eigna for barnevogn
  • Parkering ved Undheim skule eller Undheim kyrkje

 

Kart over lysløyper

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00