Installasjon av vassmålar og tilbakeslagssikring for røyrleggarar

Alle vassabonnentar i Time kommune skal ha vassmålar og tilbakeslagssikring på vassforsyninga. Installasjon av vassmålar og tilbakeslagssikring skal utførast av eit føretak som er godkjent etter plan- og bygningsloven for å utføra arbeid med sanitæranlegg. Installasjonane bestillast og betalast av vassabonnenten. 

For profesjonelle - Installasjon av vassmålar og tilbakeslagssikring for røyrleggarar

Størrelse på vassmålar

Kommunen har berre ein størrelse vassmålar: ¾" (Qn 2,5 - DN 20). Ved små bueiningar kan det søkast om ½"-vassmålar.

Utlevering av vassmålar

Time kommune betalar og eig vassmålaren. Abonnenten må ta utgiftene med vassmålarinstallasjonen og leiger vassmålaren av kommunen.

Røyrleggaren må fylle ut eit skjema (PDF, 327 kB) i forkant av utlevering av vassmålar. Skjemaet leverast til Time kommune ved henting av målar.

Røyrleggarar kan få utlevert vassmålarar på Håland, i Bedriftsvegen 9 på Bryne, på måndagar frå kl. 07.30-10.00. Det kan utleverast vassmålarar utanom dette tidsrommet etter avtale. Ring tlf.: 901 68 099 for avtale.

Montering

Montering skal utførast etter Time kommune si forskrift for vann- og avløpsgebyr (PDF, 4 MB), § 11. Vassmålarar skal monterast på hovudinntaket inne i bygningen, så nær innføringa som mogleg og før første koblingsleidning. Vassmålarar skal monterast i fornuftig høgde og vera lett lesbar frå golvnivå, med tilstrekkeleg fri plass for utskifting og kontroll. Om det skal det monterast to eller fleire vassmålarar må desse parallellkoplast. Avstanden mellom parallellkopla målarar må vera minimum 30 cm.

Konsoll: Kvar enkelt vassmålar skal monterast i Horisontal vassmålarkonsoll med fleksible koplingar. Konsollen skal festast til vegg eller annan eigna bygningskonstruksjon. Konsollen kan monterast både horisontalt og vertikalt.

Stengeventilar: Det skal monterast stengeventilar på begge sider av kvar vassmålar.

Tilbakeslagssikring: Kommunen krev at det monterast tilbakeslagssikring (minst type EA) og anbefaler det utført i høve med vassmålarinstallasjonen.

Reduksjonsventil/tilbakeslagssikring: Reduksjonsventil skal monterast føre vassmålar og tilbakeslagssikring etter vassmålar.

Lover og reglar

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00