Vassmålar

Alle som er tilknytt vassforsyninga i Time kommune skal ha vassmålar og tilbakeslagssikring.
 

OBS! Arbeid med utskifting av vassmålarar i Time kommune vil foregå utover våren 2024. Det skal innførast SMART-målarar. Dei eldste målarane vert skifta først. Sig. Halvorsen utfører denne jobben for Time kommune og vil ta kontakt om tidspunkt for utskifting.

Om du har spørsmål til dette kan du kontakta Time kommune på tlf. 51 77 60 00.
 

Vassmålaravlesing

Vassmålaren skal lesast av i desember kvart år

Klikk her for å registrera målarstand

Me ønsker at du skal få korrekt faktura for vatn og kloakk på eigedommen din.  Då treng me vita kor mykje vatn du har brukt det siste året. Det er derfor viktig at du les av vassmålaren din og leverer målarstanden til oss i desember kvart år.

Du er sjølv ansvarleg for den årlege avlesinga av forbruket. For manglande avlesing kjem eit gebyr på kr 1500,-.

Dei fleste vassmålarane har 5 siffer som skal lesast av. Raude tal eller tal bak komma skal ikkje vera med.

Vassmålaren er eigd av kommunen og du betalar for så mykje vatn du brukar. For å oppdaga eventuelle lekkasjar er det derfor lurt å lese av vassmålaren jamleg.

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt på telefon 51 77 60 00/ 51 77 62 05 eller e-post okonomi@time.kommune.no

 

For deg som framleis ikkje har vassmålar

Ta kontakt med ein autorisert røyrleggjar som installerer vassmålaren i tråd med forskrift for vass- og avløpsgebyr. Du betaler for installasjonen.

Viser vassmålaren stort forbruk?

Har du større forbruk enn forventa, bør du finne årsaka. Ein kran som dryp, ein lekkasje eller eit rennande toalett kan fort bli dyrt (PDF, 258 kB). Mistenkjer du lekkasje, kan du sjekke det sjølv med å slå av alt vassforbruk i huset og sjå om hjulet/skiva på vassmålaren beveger seg.

Lovar og reglar

Med heimel i Forureiningsforskrifta § 16-4 andre ledd kan kommunen krevja at alle abonnentane sitt årsforbruk skal fastsettast ut frå målt forbruk.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00