Sanitærmeldingar og installasjonar

Frå 5 oktober 2020 vart rutinane for levering av sanitærmelding i Time Kommune endra. Alle sanitærsøknadar skal sendast via entreprenørportalen. Dette gjeld alle søknadar på vass- og avløpsarbeid, vassmålar og påslepps- og utsleppsløyve. For å få tilgong til Entreprenørportalen må du ha registrert ein brukar. Når registreringa av føretaket er godkjend, får du ei lenke til Entreprenørportalen med eit Tenantnavn. Etterpå kan du legge til fleire brukarar til foretaket.

Spørsmål og henvendingar kan rettast til:
inger.elise.orre.sangolt@time.kommune.no (telefon 93 02 34 25) eller til
hakon.hasle@time.kommune.no  (telefon 994 09 190).

Før det vert sett i gong arbeid på private stikkledningar for vatn og avløp skal kommunen godkjenna dette. Føretak som skal utføra rørleggararbeid og sanitærinstallasjonar skal vera godkjend i naudsynt tiltaksklasse (sentral eller lokal godkjenning) i tråd med plan- og bygningslova.

Ved søknadspliktig arbeid vert det krevd:

  • søknad om sanitærabonnement
  • situasjonskart med ledningar og bygningar påtegna
  • eventuelle erklæringar for ledningar som går over ein annan persons eigedom (felles ledningar)
  • ved vesentleg endring og renovering av sanitæranlegg


Alt arbeid på innvendige og utvendige vass- og avløpsledningar skal søkast om. Etter at arbeidet er ferdig, må det søkast om ferdigmelding. Det må leggast med ei fil som viser korleis tiltaket ser ut, i SOSI-, gmi- eller kof-format i søknaden. Innmålinga skal utførast i tråd med kommunens innmålingsinstruks og kum-bilete skal takast mot nord.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00