Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan er ein politisk vedtatt plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen fastset korleis området kan nyttast og kva som kan byggast der. Planen består av eit kart og reguleringsføresegner. Reguleringsføresegner gir konkrete føringar for kva som kan gjerast på ein eigedom. Dei gir informasjon om formålet til eigedommen, for eksempel bustad, friområde eller veg, og kor høgt og stort du kan bygga. Viss du planlegg å bygga på ein eigedom, må du undersøka kva reguleringsplan som gjeld for den eigedommen.


To typar reguleringsplanar

Det finst to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering. Områderegulering blir laga av kommunen og styrer utviklinga i eit større område. Detaljregulering kan lagast av kommunen eller private tiltakshavarar og initiativtakarar, men ein må då forhalda seg til overordna planar laga av kommunen. Detaljreguleringar tar for seg mindre område eller enkelte tomter og gir ofte meir spesifikke føringar for kva som kan byggast.


Når kan du påverka reguleringsplanen?

Ein viktig del av arbeidet med reguleringsplanar er å få innspel frå innbyggarane. Du kan koma med innspel i to rundar i planarbeidet: Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er utarbeidd (ved offentleg ettersyn). I begge rundane får naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. Planarbeidet vert også kunngjort i Jærbladet og på nettsida til kommunen under artikkelen Kunngjeringar og Reguleringsplanar. Arbeidet med ein reguleringsplan kan ta fleire år.


Varsel om oppstart        

Når nokon skal laga ein reguleringsplan, må dei varsla om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som vert råka av planen. Du skal senda merknadar/innspel direkte til forslagsstillaren i denne runden. Fristen for å koma med merknadar/innspel er vanlegvis tre veker.


Offentleg ettersyn

Når me har mottatt planforslaget, skal alle få moglegheit til å koma med innspel til dette. Nå inneheld planforslaget detaljerte framstillingar, kart, føresegner og andre utgreiingar, i tillegg til ein tekst om korleis kommunen vurderer planforslaget. Fristen for å koma med merknadar i denne runden er seks veker. Du sender innspelet ditt til Time kommune. Både planavdelinga i kommunen, og den som har laga planforslaget vurderer korleis merknadane/innspela skal påverka planforslaget. Forslagsstillar oppdaterer eventuelt planforslaget, og me sender det til politisk behandling i "Utval for lokal utvikling", og så vidare til kommunestyret for endeleg godkjenning.

 

Sjå dokumenta planprosess nabo (PDF, 224 kB) og fasebeskriving nabo (PDF, 533 kB) for meir informasjon.

Kontaktinfo

Planavdeling
E-post
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00