Finn gjeldande planar

Når du skal søka om eit byggetiltak, er det viktig at du finn ut kva reglar som gjeld for eigedommen din og at du planlegg byggetiltaket i samsvar med desse.

I tettbygde område vil det ofte vera ein reguleringsplan som seier noko om kva som kan tillatast på eigedommen din. I tilfelle kor det ikkje føreligg ein reguleringsplan, er det kommuneplanen som gjeld. Kommuneplanen er og utfyllande og gjeld framføre eldre reguleringsplanar der det er motstrid.

I Bryne sentrum er det og ein eigen kommunedelplan som gir føringar om kva som kan byggast. Informasjon om overordna planar kan du finna på nettsida til kommunen.
 

For å finna regulerinsplanen for din eigedom, gå inn på kommunens kartportal og søk eller zoom deg fram til eigedommen du er interessert i. Skru så på det kartlaget som du er interessert i å sjå på i margen til venstre:
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Når du har funne fram til rett plan kan du trykka på den for å markera den. Då vil du få opp meir informasjon om denne, inkludert dokumenter som plankart og bestemmelsar.
(Ver merksam på at ikkje alle planar har digitalt innhald, men du går fram på same måte for å få opp informasjon om desse, berre klikk på omrisset, dette vert markert med blå grenser.)