Monument og minnesmerke

Rundt om i Time kommune finst det forskjellige minnesmerke og monument.

Dei kan delast i tre kategoriar:

  • Relieff, bystar og statuar av personar
  • Friare skulpturar til minne om, eller til ære for hendingar eller personar
  • Utsmykkande skulpturar med friare motiv

Dei kan vera reiste av kommunen, av private organisasjonar eller einskildpersonar, eller dei kan vera gåver til fellesskapet frå ymse gjevarar.

 

Minnelund ved Time kyrkje for falne under andre verdskrig

    

På sørsida av Time kyrkje finn du ein minnelund over busette i Time som gav livet sitt for Noreg under andre verdskrig.

Det er utarbeida eit eige informasjonshefte om minnelunden som du kan lasta ned her:

Minnelund på Time kyrkjegard for falne under andre verdskrig (PDF, 2 MB)

Minnelunden består av to gravsteinar og eitt minnesmerke:

  • Gravstein frå 1947 for dei fem timebuane som vart avretta i Trandumskogen i 1942; Jørsten Johansen, Ole Rosland, Torgeir Sikveland, Andreas Stensland og August Stensland. 
  • Gravstein frå 1948 for Tønnes Skjæveland, som sat på Grini og seinare vart sendt til konsentrasjonsleiar i Tyskland, der han døydde. Kona Aaslaug Skjæveland er gravlagd saman med mannen.
  • Minnesmerke over andre timebuar som gav livet sitt for Noreg under andre verdskrig; Ragnar Falck, Torvald Hetland, Johan Ludvig Hjorth, Theodor Kaastrup, Jon Lemvik og Olav Øyri. Minnesmerket vart avduka 17. mai 2018 og er plassert mellom dei to gravsteinane.

Kvar 17. mai er det før gudstenesta i Time kyrkje ei kort minnemarkering ved desse gravene.

Den steilande hesten ved Time rådhus

 Bronseskulptur «Steilande trassig hest» (1968)   
Kunstnar: Ståle Kyllingstad (1903-87)
Avduka 17. mai 1968. Reist av Time kommune i samarbeid med lokalt næringsliv. 

I byrjinga av sekstiåra kom arbeidet i gang med å reisa eit krigsminnesmerke i Time. Kunstnaren Ståle Kyllingstad (1903-87) fekk oppdraget med å utforma monumentet som vart avduka 17. mai 1968. 

Minnesmerket består av ein steilande, trassig hingst i bronse på ein høg granittsokkel. Sokkelen har ein romersk sigerskrans og "1940 - 1945" hogd inn i fronten. På sida står dei siste linjene frå det sjette verset i Arne Gorborgs fedrelandssong Gud signe Noregs land frå 1878:

VÅR ELSK OG BESTE AKT
VÅRT LIV OG ALL VÅR MAKT
SKAL VERA NOREGS VAKT
TIL SISTE STUND

Hesten skal ikkje berre vera ein heider til dei som ofra livet sitt for fedrelandet, han skal og minna om fridom og sjølvstende, og heidra dei som har vore med og bygd Jæren.

Kvar 17. mai er det ei kort minnemarkering ved monumentet.

Torkell Mauland - byste ved Bryne skule

Byste i bronse: Torkell Mauland (1848–1923)
Kunstnar: Erik Haugland ( ) 
Oppført i 1948 av Rogaland Historielag i samband med Mauland sitt 100-årsjubileum

Bysten av Torkell Mauland er det første heidersteiknet over ein einskildperson som er avduka i Time. Den vart reist av Rogaland Historielag hundre år etter at han vart fødd, i 1948. Initiativet kom frå journalisten og forfattaren Theodor Dahl i 1946, men han fekk ikkje oppleva avdukinga. Dahl døydde før bysten var ferdig.

Den kjende skulemannen Severin Eskeland heldt talen og stod for avdukinga. I talen sin kalla han Mauland

”… sogemannen som lyfte folkesjela opp i ljoset, slik ho spegla seg av i arbeidet, i levemåten, i sed og skikk og i all åndeleg arv. Frå ungdomen av gjekk arbeidet hans ut på å leggja grunn under heimekjensla. Difor står biletet hans trygt her på heimleg grunn.”

Om Torkell Mauland

Torkell Mauland var fødd på garden Mauland i Time i 1848. Torkell var svært skuleflink. Då han var berre femten år vart han tilsett som lærar i krinsane Mossige og Lende. Ein av elevane hans var Aadne Eivindson Garborg. Garden Mauland ligg på sørsida av Garborgåsen, og Torkell var ikkje berre i slekt med Aadne, dei var òg frå ungdomen av gode vener. Seinare vart Mauland læraren til Aadne også på lærarskulen i Holt, og han var ein lærar den seinare diktaren sette svært høgt:

 ”… og hadde fenge ein lærar der, som eg kunne tala med. Denne læraren var ein kjenning; me hadde jamvel gjenge saman i skulen før; han var klok, men ikkje framand, opplærd til skulemeister men ikkje seminarist; og han hadde tankar som var for våglegt nye for meg nett av di dei ikkje var framande. Han tenkte heimslegt! Var skulemeister, og tala på skulen skulemeisterfint; men han tenkte som me, og tala som me, når han sjølv, og ikkje skulemeistaren tala. Han samrødde med meg, og me vart kjende att. Det var kje så mykje "nytt" han lærde meg; men han lærde meg å sjå det gamle så det vart nytt; og smått om senn tok eg til å skjøna at eg levde i Noreg og ikkje i Galilea. Frå den tid er det som eg vaknar og tek til å arbeida meg ut or haugen min; og ungdomsframhugen livnar, så eg vel stundom kunne bli vel modig, veit eg.

Denne læraren og kjenningen min hev eg nemnt før; han er skulemeister ennå og heiter Torkell Mauland (…) Jau, femmenning med Torkell Mauland vil eg gjerne vera.”

Mauland er ei viktig kjelde til kunnskapen om ”di Garborg” gjennom mange avisartiklar og skrifter, og han hadde førstehandskunnskap om emnet, sidan han kjende dei han skreiv om personleg.

Torkell Mauland vart ein framståande skulemann og målmann. Han tok initiativet til at det vart skipa eit mållag, Jadarbulaget, i Time. Han var mellom anna lærar i Stavanger og i Ryfylke, og dei siste femten åra i Oslo. Etter femti år i skulen gjekk han av, og vart statsstipendiat for å driva med bygde- og kulturhistorie. Og det er faktisk som folkeminnegranskar at han gjorde sin største innsats. Han gav ut fleire bøker, mellom anna ”Trolldom” og ”Prestane paa Lye”; og var redaktør og forfattar av mange kulturhistoriske skrifter.

Då Mauland døydde i 1923 skreiv Garborg minneord om han i Syn og Segn. Minneorda vart seinare utgjevne som særprent.

Sven Aarrestad i Haugehagen ved Time rådhus

Skulptur i cyenitt: Amtmann Sven Aarrestad (1850 - 1942)
Kunstnar: Ståle Kyllingstad
Oppført 1958 ved Det norske totalfråhaldslaget sitt 100-årsjubileum.

Sven Aarrestad var fødd på Varhaug den 6. oktober 1850 [1], men faren kjøpte gard på Aarestad i Time, og der budde dei til 1876. Sven Aarrestad var i slekt med Arne Garborg, som skriv dette frå oppveksten deira i Timesokna:

”… eg hadde bladskifte med ein annan kjenning au, om elles dette alltid var noko draumvilt; denne kjenningen vann seg sidan langt fram; du kjenner namnet hans, du med: Sven Aarrestad.” [2]

I 1869 vart det skipa eit mållag, Jadarbulaget, med Torkell Mauland som initiativtakar. Torkel Lende, ein annan svært oppvakt timegut, var søskenbarnet til Mauland, og det gjekk ikkje lenge før han òg vart med. Aarrestad var òg med i mållaget, og han fekk Lende på tanken om å gje ut eit målblad, etter mønster av bladet Ferdamannen. Saman reiste dei to rundt på nordvestlandet og selde målbøker og tala målsak.

Sven Aarrestad var bonde, lærar, redaktør, stortingsmann, statsråd og amtmann; det siste var han i Nedenes, i dag Aust-Agder. Han har gjeve ut fleire bøker. Han døydde i 1942.

Aarrestad var ein ihuga fråhaldsmann, og det er difor han har fått ein bauta reist etter seg. Fleire instansar innan fråhaldsrørsle og losjeverksemd tok initiativet til eit minnesmerke over denne hovdingen, og det vart gjeve pengegåver frå kommunar, lærarlag, fråhaldslag, losjar og ungdomslag for å realisera tanken. Alle var samde om at statuen burde stå i heimbygda til Aarrestad, Time. Oppdraget med statuen vart gjeve til bilethoggaren Ståle Kyllingstad (1903-87), opphaveleg frå Lyngdal, men busett i Stavanger. Kyllingstad var forresten i slekt med Aarrestad. Det vart bestemt at statuen skulle plasserast på Time Mållag sin vakre eigedom ved Mølledammen på Bryne, i hagen framfor Gjesteheimen.

Avdukinga var den 26. juli 1959 i høve 100-årsjubileet for DNT.  Det var stortingsmann Lars Ramndal som stod for den. I talen sin snakka han om Aarrestad sitt breie verkefelt og innsats på så mange område: Aarrestad arbeidde for mange gode saker, og Ramndal nemnde at han mellom mykje anna òg var ein av skiparane av Noregs Mållag. Tilstellinga hadde samla mykje folk, og det var talar av formannen i DNT, Stein Fossgard, formannen i IOGT, Gunnar Syversen, og for dei mange utanlandske gjestene tala rektor Hilding Frimann. Ordførar Bjarne Undheim tok imot statuen på vegne av Time kommune. Om kvelden inviterte Time kommune til samkome i festsalen på Bryne off. landsgymnas.

Statuen er av mørk cyenitt frå Larvik. Han stod altså først utanfor Gjesteheimen ved Mølledammen, men då den eigedomen vart seld og området omregulert, vart han flytta til hagen framfor Haugehuset ved Time rådhus.

Påskrifta lyder: ”Reist i takksemd.”

 

[1] ikkje ’51 som det står på statuen

[2] Knudaheibrev (1904)

Torkel Lende - byste ved Timehallen

Byste i bronse: Torkel Lende (1849 - 1909)  
Kunstnar: Svein Magnus Håvarstein
Oppført 1980 på initiativ frå elevar frå Time VGS

Den 17. november 1980 vart det avduka ein byste av Torkel Lende ved tidlegare Time vidaregåande skule. Initiativet hadde kome frå to tidlegare elevar ved skulen, Paul Thore Barkved og Olav Øveland.

Torkel Lende var fødd på Lende i Time i 1849. Han gjekk på lærarkurs i 1866 og vart der ven med Arne Garborg, som seier dette om skulekameraten sin:

” … Og med felagane mine, dei andre " Lærerlærlinger", kom eg godt til lags.

Den fremste av oss, han Torkel Lende, var visst det beste hovudet eg hev råka. Men han skulle vore på ein skule av eit anna slag; det hev sidan vist seg at han er oppfinnar, ein meister i gognbyggjarkunst [1] eller mekanikk. Den eine gode gogna og greia etter den andre finn han på og fær i stand, fortel blada; men det gjeng han som det plar gå med slike: Folk som er klokare på verda enn han kjøper tankane hans for ingenting, og Torkel Lende er same fanten.

Han var elles glup nok på Time med; og om sjukdom sidan hefta han bort, så han ikkje vart skulemeister, så fann han på mangt og mykje likevel å stella med. Såleis hugsar eg eit blad, " Heimhug", som han gav ut, og snart prenta sjølv med, der heime på Lende. Men det var på norskt; og då kan du vìta folk ville kje halda det. Det einaste eg kan hugsa eg høyrde om dette bladet der heime var ei soge om ein Kleppsbu som skulle ha sagt om ei merr han hadde kjøpt, at ho hadde "Heimhug hvorså  bla'no i Timesokno". Men Torkell Lende skriv så godt, og vil ha så mykje å fortelja, at han skulle sjå å få ut ei skildring av livet sitt, når han finn tid til det.” [2]

I 1869 vart det skipa eit mållag i Time, Jadarbulaget, etter initiativ av Torkell Mauland. Mauland var søskenbarnet til Torkel, og det gjekk ikkje lenge før han òg vart med. Sven Aarrestad, eit anna medlem, fekk Lende på tanken om å gje ut eit målblad, etter mønster av bladet Ferdamannen. Slik vart Lende grunnleggjar og redaktør av det første trykte bladet i Time, Heimhug frå 1871, og han konstruerte og bygde typisk nok sjølv trykkepressa. Saman reiste han og Aarrestad seinare rundt på nordvestlandet og selde målbøker og tala målsak.

Lende hadde mange talent; mange meinte at han var genial på fleire felt. Han var mekanikar og oppfinnar, og gjorde ei mengd tekniske oppfinningar av høg standard for forskjellige oppdragsgjevarar. Dei mest kjende er treskomaskinen, leistemaskinen, fasongdreiebenken, og turbinregulatoren. Mange av oppfinningane var knytta til hermetikkindustrien i Stavanger, dit han hadde flytta og slått seg ned. Men rik på oppfinningane vart han ikkje. Til det var han for snill.

Han gifta seg med ei dame i Stavanger som hadde fem born frå eit tidlegare ekteskap. Eldste sonen hennar var Lars, den seinare Lenden med ponniane. Dei fekk ei dotter saman. Torkel Lende var i alle år med i Frelsesarmeen saman med kona. Han døydde i 1909.

Det var Paul Thore Barkved som heldt talen ved avdukinga i 1986. Han hadde med seg protokollen frå omgangsskulen Lende hadde gått på, og der stod det at Aadne Garborg var best i norsk stil, medan Torkel Lende sine evner var av meir praktisk karakter. Elevrådsfomann Kjell Haaland snakka om det mangslungne talentet til Lende og om dei mange oppfinningane. Under seremonien svikta høgtalaranlegget. Haaland bemerka med glimt i auga at teknikken hadde gjort små framsteg sidan Lendes tid.

Bysta er laga av Rennesøykunstnaren Svein Magnus Håvarstein (1942 - ), som var til stades og fortalde om arbeidet sitt. Håvarstein er rikt representert i distriktet vårt både med teikningar og skulpturar.

På steinen står det "Torkel Lende - oppfinnar".

 

[1] gogn: reiskap

[2] Knudaheibrev (1904)

Ole Tjøtta sin gravhaug på Time kyrkjegard

 På den nordaustre kyrkjegarden på Time er det ein gravhaug. På ein stilisert koparpalett på ein stein på haugen står det: O. Tjøtta. Det er grava og minnesmerket etter kunstmålaren Ole Tjøtta, difor paletten.

Ole Tjøtta vart fødd i Klepp den 23. april 1880. Faren var småbonde og Ole voks opp i stor fattigdom. Han viste tidleg uvanlege kunstnarevne, særleg var han flink til å teikna. Etter eige ønske fekk han etter konfirmasjonen gå i målarlære hjå ein målarmeister på Sandnes. Om ikkje anna kunne han der bruka sine handverksmessige evner. Då han var atten år begynte han på Den Tekniske Aftenskolen i Stavanger.

Rundt 1900 vart han elev ved Tegneskolen i Oslo. Då budde han hjå Hulda og Arne Garborg (Han har laga eit godt kolstiftportrett av Garborg). Dei fekk han inn som elev ved Harriet Backer sin private målarskule. Erik Werenskiold fekk sjå arbeida hans, og fekk gjennom midlar frå kunstnarvelgjeraren Olaf Schou til eit studieopphald for Tjøtta i København. Tjøtta treivst i den danske hovudstaden, og det gjekk godt med han. Men då midlane frå Schou tok slutt, gjekk det fort nedover. Han mista lysten til å arbeida, og syntes ikkje at han fekk til noko lenger. Han prøvde seg som forfattar, men det vart aldri til noko.

I 1907 flytta han til Dalarø utanfor Stockholm. Her produserte han lite og ingenting, og i 1911 vende han sterkt nedbroten attende til Oslo. Ein av dei som hadde stor tru på han og prøvde å få han i gang att var Christian Krogh. Han var særleg begeistra for eit utkast Tjøtta hadde laga av ei bondegravferd på Jæren: ”Det vil ha nasjonal betydning at dette blir videre utformet”, skal Krogh ha sagt om skissa.

Tjøtta flytta så tilbake til Jæren, slo seg ned på Varhaug og gjekk inn i ein god og produktiv periode. Det som særmerker Tjøtta er at han ikkje nødvendigvis målar gjenkjennelege jærmotiv, men at han likevel får fram det typisk jærske. Me føler at dette er Jæren; at det er ”et sant uttrykk for stedet. Samtidig er det noe sterkt personlig Tjøtta viser oss,” seier Hild Sørby [1] Når ein ser Tjøtta sine bilete, kanskje særleg dette gravferdsmotivet, går tankane til Garborgs Fred. Det gjeld fleire av dei beste bileta hans: Han har fanga med pensel noko av det typisk jærske som Garborg òg så genialt har ”malt” på sin måte; med ord.

Men Tjøtta sleit med depresjonar, og fekk alkoholproblem. I 1917 kom han seg utav dette, og fekk då ein ny god periode. I 1922 laga han så hovudarbeidet sitt, ei jærfrise som skulle smykka det nye apoteket Viben på Bryne. Frisa består av bilete  frå hav til hei på Jæren, og Tjøtta har med høg kunstnarisk integritet biletlagt det typiske ved jærnaturen, der ” både de små skiftninger som den store helheten er fanget og beholdt” (Hild Sørby).

Noko av det siste Tjøtta signerte før han døydde i 1930 var nettopp det uferdige Likferd på Jæren, som Christian Krogh hadde hatt så store forventningar til. Dette biletet tilhøyrer nå Stavanger Faste Galleri.

Gravhaugen med steinen og paletten på Time kyrkjegard er ei takk frå vener i heimbygd og by.

”Vi skyldte ham den, for han har gjort Jæren rikere for oss. (…) Granskere av hans kunst vil se hvor dypt og sant tiden og Jæren speiler seg gjennom Ole Tjøtta,” skreiv grosserer Bernhard Krogh i Stavanger i ein minneartikkel om denne tragiske målaren.

 

[1] i boka Jærmaleriet – fra landskap til visjon

O.G. Kverneland på Kvernaland

Byste i bronse: O. G. Kverneland (1854–1941)
Kunstnar: Ottar Espeland (1913-1996) 
Oppført i 1939 då Kvernelands Fabrik feira sitt 60-årsjubileum 

Ole Gabriel Kverneland var fødd i 1854. Han starta smia på Kvernaland i 1879. Denne vesle smia skulle bli starten på eitt av dei verkeleg store industrieventyra på Jæren. Kverneland var gründer mange år før ordet kom i bruk. Den vesle smia hans utvikla seg til det som i dag er Kverneland ASA, den største plogfabrikken i verda.

Dette er i grunnen typisk for industriutviklinga på Jæren: At det gjekk frå gardssmie der ein laga det ein trengde til behov på garden, til at ein meir enn vanleg dyktig smed gjekk over til å laga for andre og slutta som bonde den dagen han innsåg at det gjekk an å leva av produksjonen i smia åleine. Produkta vart i dei fleste tilfelle verande landbruksrelaterte, og når produksjonen vart så stor at det vart fabrikkar av smiene, fekk me landbruksmaskinfabrikkane på Jæren: Kverneland, Kyllingstad, Serigstad, Reime, osv. Nokre av desse gjekk etter kvart over til annan industri, medan andre vart ”verande ved sin leist”. Den første reine industrismia var sannsynlegvis smia i Fotland mølle frå 1845.

I 1870 begynte Ole Gabriel på Budde sin landbruksskule på Austrått i Høyland. To år seinare prøvde han ut den første plogen sin på Norheim, der det var premiepløying. Han fekk sølvmedalje, som var høgste premien. På ei stipendferd til Sverige fekk han sjå ein amerikansk fjørhamar. Den teikna han av etter minnet, så reiste han heim og utvikla denne sjølv. Han kjøpte vassfall, bygde smie og vasshjul, og dermed kunne hammaren slå sine første slag åleine. Nå var det snakk om industrismie, og dermed vart ikkje vegen lang til fabrikkproduksjon.

Kverneland var den som tok initiativet til å byggja kraftstasjonen på Fotland som stod ferdig i 1915. Han var formann i anleggskomiteen og sat seinare i verksstyret. Kraftstasjonen var eit prosjekt mange var skeptiske til, og då straumen vart slått på pinseaftan 1915 hadde mange møtt opp for å sjå underet: Lys av vatn. Mange hadde nok òg møtt opp for å konstatera at det ikkje kom lys, men dei måtte gå med uforretta sak.

Statuen av O. G. Kverneland står utanfor den første smia, som i dag er bedriftsmuseum. Han vart avduka i 1939, då Kvernelands Fabrikk feira sitt 60 års jubileum. Då var grunnleggjaren 85 år.

Kunstnaren heiter Ottar Espeland (1913-96). Han var frå Stavanger, og har mellom anna laga statuane av Sigval Bergesen og Christian Bjelland i Stavanger, og det store Wergelandmonumentet på Eidsvoll.

Minnelunden på Mossige

Like ved FV 201 på Mossige ligg det ein innegjerd liten hage med tre og ein liten jernport. Midt inne i hagen ligg det ei stor steinhelle. Der er følgjande tekst innhogd:

”Den 28. Aug. fik min uforglemmelige Fader Ingebreth Svendson sit Dødsbud i sin Alder 67 Aar, for hvis Minde dette er gjort, som er mig undertegnede et dyrebart Klenodie. S.M.”

Ingebret Svensen Mossige levde frå  1752 til august 1819, som steinen fortel. Han var bonde på Mossige frå 1778 til 1803.

S.M er initialane til sonen Svend Ingebretsen Mossige, som levde frå 1780 til 1835. Sven var bonde på Mossige frå 1803 til 1835. Han var både lensmann og stortingsmann (1818 og 1830). Sven vart kalla ”sylvsmeden”, og han var både ein flink snekkar og brubyggjar. Han var òg interessert i fruktdyrking, og fekk med seg stiklingar frå ein stortingskollega frå Hardanger, Aga, som han planta på Mossige, og delte med slektningane sine på Garborg.

Sonen til Sven, som naturleg nok heitte Ingebret (1812-1862), var òg både lensmann og stortingsmann. I 1837 vart han vald til den første ordføraren i Time, då det første formannskapsmøtet vart halde i tingstova på Lensmannsgarden på Mossige

Steinane i Njåskogen, på Norheim og Undheim

JOL-DAN-KALDE

I hagen til den tidlegare skogvoktarbustaden i Njåskogen ligg restane av ein kjempestein som vart sprengd då vegen vart bygd kring århundreskiftet 1899/1900. Denne steinen heiter ”JOL-DAN-KALDE”. Dette merkelege namnet skal skriva seg frå ei segn om tre unge jenter som fraus i hel ved steinen ei julenatt for lenge, lenge sidan.

I Knudaheibrev (1904) skriv Arne Garborg:

” … Foreldra mine hadde ikkje tort fortelja meg ei soge eller eit eventyr om dei hadde kunna aldri så godt. Jamvel besteforeldra våga seg ikkje innpå slikt. Ho mormor var hjå oss stundom; ho sat då helst og spann, og rødde om mykje og mangt; ho kunne og stundom fortelja om gamle dagar. Men ho fortalde lite som me småfolk kunne bry oss om, og aldri eventyr. Ein einaste stubb hugsar eg etter henne. Det var om ein stor stein i Njåheiane, der tri systrer skulle ha frose i hel. Sidan, sa ho, kalla dei steinen Joldan-Kalde.”

Jæren Skoglag AS har planta kring steinen, og i 1985 vart det sett opp ei minneplate. Der vert soga om dei tre jentene fortald, og Herborg Kverneland har laga ein liten dekorasjon på plata med kross og snøkrystall ved sida av teksten.

1900-krysset

Då same vegen noko tidlegare nådde Norheim, vart det reist ein stein i krysset der vegen deler seg, og etter den tid heiter dette krysset 1900.

Undheim bro

Då det vart bygt bru over Undheimsåno i Undheim sentrum i 1901, vart det på sørsida av elva reist ein stein med teksten Undheim bro 1901 hogd inn. Då brua vart utbetra i 1959 vart det årstalet hogd inn nedanfor.

Garborgminnesmerka i Time

Diktaren Arne Garborg vart fødd som Aadne Eivindsen Garborg på garden Garborg i Time kommune i 1851. Der budde han til han var godt femten år. Då flytta han frå heimekommunen for godt.

Garborgheimen og Knudaheio

I Time er det to hus med sterk tilknyting til Arne Garborg: Fødestaden Garborgheimen frå 1848, og sommarstova Knudaheio frå 1899. Begge husa tilhøyrer Time kommune.

Time kommune overtok Garborgheimen den 1. april 1940. Det budde folk der til 1951, då huset vart museum i samband med 100-årsjubileet for diktaren.

Knudaheio vart gitt til Time kommune av Hulda Garborg etter at diktaren var død i 1924, og har vore museum sidan. Garborgheimen vart kommunen sin eigedom i 1940, og har vore museum frå 1951.

Dei to husa er dei viktigaste minnesmerka etter den store diktaren og samfunnsformaren her på Jæren.

Eige monument i heimbygda

Det skulle nemleg gå mange år før Garborg vart heidra med eit eige monument i heimbygda si. Stavanger fekk tidleg sitt: Gunnar Janson (1901-83) sin statue i Byparken i 1951. Etter kvart som me fekk andre minnesmerke kan me sjå gjennom avisinnlegg at det gong på gong vart spurt kor tid me skulle få eit Garborgmonument i Time?

I 1974 kom svaret på det: Kommunen fekk sitt første Garborg-monument; bronsestatuen Veslemøy,  som står ved Time Rådhus og er laga av Fritz Røed (1928 - 2002).

Fire nye Garborg-minnesmerke

I det store Garborgåret i 2001 fekk Time fire nye Garborg-minnesmerke:

Steinvarden i Mærliskaret på Undheim, gitt av borna i krinsen, steinhovudet i Knudaheio av Hugo Frank Wathne (1932 - ) og gitt av Arild Håland, bronsestatuen Garborg på Bryne Torg av Fritz Røed, og jernskulpturen Falling Out ved Sivdamsenteret laga og gitt av Arne R. Garborg (1928 - ), USA.

Dei fem monumenta er på kvar sin måte ei hylling til jærbuen og europearen Arne Garborg, ein av våre største diktarar og samfunnsformarar.

 

Veslemøy – bronseskulptur av Fritz Røed  

Veslemøy I 1961 vende Time kommune seg til ymse lag og institusjonar for å finna ut om det var interesse for å reisa eit Garborgminnesmerke til 50-årsminnet for diktaren sitt dødsår. Dette vart positivt motteke; det vart samla inn over 60 tusen kroner i bygda, Kulturfondet løyvde 70 tusen, og resten vart løyvt av Time kommune. Oppdraget vart ikkje utlyst, men gitt til ein kunstnar, nemleg Fritz Røed, som hadde trødd sine barnesko på Bryne i mellomkrigsåra.

Veslemøystatuen vart avduka laurdag den 30. august 1974. Åse-Marie Nesse las prologen ho sjølv hadde skrive til innleiing:

"Til deg, vår unge søster Veslemøy
av eventyr og dikt og soleglad,
som aldri var og aldri skulle døy,
eg gir mitt kvad.

---

Nå har vi støypt deg av vår gylne draum
og dikta deg i bronse, vind og luft.
Der skal du alltid stå, i sol og flaum
på Time-tuft

 

og minne nye ætter gong på gong
om at eit menneske er meir enn mold,
at også Arne Garborgs store song
ber hundre foll!"

”Det var høg, blå jærhimmel over dagen, og det bles ein varm sønnavind som trylla fram ein seinsommardag av dei sjeldne då Time, Arne Garborg si heimbygd, fekk si Veslemøy. Då ho vel var avduka og stod der i si gylne bronseprakt, litt undrande, enno noko framand kanskje, var det berre ein dom; ein karakteristikk å høyra frå dei mange som var møtte fram for å vera med på høgtida: Ho er eit meisterverk, akkurat slik eg har tenkt meg henne,” skreiv Stavanger Aftenblad m.a. etter avdukinga.

Liv Dommersnes las Til deg, du hei; eit felleskor song, og Bryne Musikkorps spela. Forfattaren Knut Hauge heldt festtalen og stod for avdukinga. Han slutta med desse orda: ”Eg vil ynskja jærbuen til lukke med si mest berømte dotter.” Det var òg talar av formannen i monumentnemnda, Torkell Norheim; bilethoggaren Fritz Røed, og ordføraren i Time, Børge Undheim. Etterpå var det middag i Time Rådhus for om lag 60 inviterte gjester. Mellom dei var svigerdottera til Garborg, Dagny; to av barnebarna, Hans Eivind Garborg og Kari Garborg Bouner, og niesa Solveig Garborg.

På sokkelen er det innhogd:

TIL MINNE OM
ARNE GARBORG

Det høyrer òg med til historia at fleire puristiske jærbuar var misnøgde med statuen. Dette var inga landsens jærjente; det var ei moderne byjente. Dessutan var ho for gammal, og stakken var alt for kort.

Ein annan ting som høyrer med til historia er at det heile tida var ein føresetnad at statuen ikkje skulle stå utanfor Time Rådhus. Så det er ikkje Arne Garborgs veg og all trafikken der Veslemøy ser lengtande mot etter over ein mannsalder på ”feil” plass!

 

Steinvarden i Mærliskaret på Undheim

Etter initiativ frå lærarane ved Undheim skule vart det hausten 2000 foreslått at ungane i den krinsen Arne Garborg hadde bygd jærhytta si skulle reisa ein varde til minne om den store diktaren ved 150-årsjubileet i 2001.

Kvar elev skulle finna ein stein og ta med seg til barnehagen eller skulen. Denne steinen vart så køyrt til Knudaheibakken, der det var funne plass. Så vart det murt ein varde som vart avduka av to elevar ved Undheim skule på sjølvaste 150-årsdagen til diktaren, torsdag den 25. januar 2001. Borna gjekk i fakkeltog frå skulen til avdukingsstaden. Det lange fakkeltoget med musikkorps og flaggborg fremst som vandra i tusmørket tidleg på morgonen vart eit gripande syn, og innslaget vart vist på fjernsynsskjermane i heile landet opptil fleire gonger. Rektor Tordis Sandvik frå Undheim skule heldt talen. ”Me er stolte som får lov å veksa opp og arbeida i heimbygda til Arne Garborg”, sa ho mellom anna. To elevar frå Undheim skule stod for avdukinga: Sindre Gausland og Kristian Reiten; og så vart varden tend av Linn-Åse Holtet og Leif Arne Hognestad.

Deretter var det ei kort markering med kransenedleggjing ved gravhaugen i Knudaheihagen ved ordførar Arnfinn Vigrestad. På sløyfa frå Time kommune stod eit Garborgsitat: ”Livet får meining når du nyttar det til noko som der er meining i.” Borna i Undheim barnehage og skuleborna saman med ein del andre frammøtte song Småsporven. Tarald Oma la ned krans frå Time Mållag. Etterpå var det fødselsdagsfeiring med kake og brus for borna på skulen og i barnehagen.

På bronseplaketten på varden står det:

TEK KVAR OG EIN SIN VESLE STEIN
ER SNART VÅR ÅKER REIN

Denne varden reiste borna ved Undheim skule og
barnehage til 150-årsminnet  for  Arne Garborg i 2001

Steinhovudet 

"All denne fagre utsyn". Steinhovudet i Knudaheio. I 1998 kom det eit tilbod til Time kommune frå universitetslektor Arild Haaland i Bergen: Han ville gjerne i høve 150-årsjubileet for Arne Garborg gje ein skulptur til diktaren sin fødekommune. Gåva skulle ha form av eit steinhovud som han tenkte seg plassert i nærleiken av Knudaheio med utsyn over Jæren. Saman med Haaland var bilethoggaren Hugo Frank Wathne, som skulle laga skulpturen. Det skulle vera Garborg sitt andlet i ei steinblokk som elles ikkje var tilhogd. Andletet skulle skoda utover diktaren sitt kjære Jæren, og mot alvelandet over havranda.

Monumentet vart hogd hos Titania AS i Sokndal, og frakta til Undheim av T. Stangeland AS.

Torsdag den 7. juni 2001 vart monumentet avduka i eit overhendig vêr av fylkeskonservatoren i Rogaland, Egil Harald Grude, som m.a. sa dette:

“ Det stod og står strid om Arne Garborg. Me vert aldri ferdige med mannen og livsverket hans. Det har også vore strid om det monumentet me skal avduka i dag. Nå står hovudet her, festa i hans rike og med vidt utsyn over det som på ein særleg måte vart Arne Garborg sitt landskap.”

Kunstnaren og gjevaren var begge til stades under avdukinga, saman med over hundre frammøtte. Wathne sa i sin tale mellom anna dette om oppdraget:

”Det er i utgangspunktet ein vanvittig idé, men ein idé eg har hatt i over tretti år.”

Ordførar Arnfinn Vigrestad:

”Eg helsar monumentet velkommen og trur det vil bidra til å trekkja endå meir folk til Knudaheio.”  

På ein bronseplakett på steinen står det:

"ALL DENNE FAGRE UTSYN"
GÅVE TIL TIME KOMMUNE
FRÅ ARILD HAALAND 2001 
LAGA AV
HUGO FRANK WATHNE

Garborgstatuen på Bryne torg 

Garborg på Bryne torg I høve det store Garborgjubileet i 2001 vart det bestemt at kommunen skulle reisa ein statue av den store diktaren i Bryne sentrum. Prosjektet vart støtta økonomisk av Time Sparebank og Time Mållag.

Oppdraget med å laga bronsestatuen på Bryne Torg vart gitt til Fritz Røed, som tidlegare hadde laga Veslemøystatuen ved Time Rådhus i 1974. Statuen er i litt meir enn naturleg storleik, og framstiller Garborg i 1890-åra, då han var på høgda av si diktariske kraft. Han er laga i Italia, og vart avduka av HM Kong Harald V søndag den 10. juni 2001. Den dagen vitja kongeparet Time frå morgon til kveld, og dei var på Knudaheio, Undheim, Garborg og Bryne. Midt på dagen var det stor folkefest i blåsande, men vakkert vêr på nye Bryne Torg. Fleire tusen menneske hadde funne vegen til Torget for å få med seg det som hende, og for å få eit glimt av kongeparet.

 Kongen heldt ein vel førebudd tale, der han framheva Garborg som ein av våre største diktarar: ”Som dikter var han opptatt av de små i samfunnet, og det var nok en av grunnene til at så mange, ikke minst jærbuen, trykket ham til sitt bryst,” sa Kongen, som òg framheva Garborg som ein av våre viktigaste samfunnsformarar. ”I 1921 ble Garborgs 70-årsdag feiret her på Bryne uten at han selv var til stede. I dag feires han igjen, denne gang er nærværet hans synliggjort gjennom Fritz Røeds monument,” avslutta Kong Harald før han avduka statuen.

Blant dei mange gjestene ved avdukinga var barnebarnet til diktaren, Hans Eivind Garborg og kona Marie; og Fritz Røed og kona. Etter avdukinga vart det servert utandørs lunsj for kongeparet,  gjester og innbedne på langbord i Storgata.

Kongeparet var òg med på festkvelden i Storstova.

På sjølve sokkelen til statuen står innleiingsorda til Haugtussa:

Til deg, du hei og bleike myr med bukkeblad,
Der hegre stig og heilo flyr, eg gjev mitt kvad.


På ein bronseplakett som er montert på bakmuren står det:

ARNE GARBORG
25.01.1851- 14.01.1924
REIST AV TIME KOMMUNE ÅR  2001
MED STØTTE AV
TIME SPAREBANK 
OG  TIME MÅLLAG
AVDUKA 10.06.01 AV
H.M. KONG HARALD V

"Falling out" ved Sivdamsenteret 

Falling Out. Jernskulptur ved Sivdamsenteret laga og gitt av Arne R. Garborg (1928 - ), USA Midt på 1990-talet vitja Arne R. Garborg frå Washington, USA, fødekommunen til farfaren, Abel Garborg. Abel var nest yngste bror av Arne Garborg, fødd i 1865 på Garborg. Under dette besøket vart det fødd ein idé: Arne R., eller Arnie, som er ein kjend kunstnar med heile vestkysten av USA som marknad, ville gjerne gje ein skulptur til den kommunen farfaren kom frå.

Han sende eit tilbod om dette til kommunen, der ein fekk fritt val mellom ein del nonfigurative metallskulpturar han hadde laga. Valet fall på ”Falling Out”, som hadde ein sterk symbolikk med tanke på den familien Abel Garborg kom frå. Syskena var forskjellige, som figurane som kjem utav skulpturen, men komne or det same opphavet. Det vart så bestemt at det ville høva godt i Garborgåret å avduka ein skulptur av namnebroren til diktaren frå USA, dit dei fleste Garborgsyskena hadde utvandra.

Spedisjonsfirmaet AMR Routers på Sola tilbaud gratis transport frå USA til Tananger.

Eit utval kom med forslag om plassering, og dei valde området ved Sivdamsenteret. Skulpturen fekk sin plass på plenen mot sør på ein sokkel av brustein, og det er plassert ein plakett framfor skulpturen.

Fredag den 27. juli vart skulpturen avduka av fylkesmannen i Rogaland, Tora Åsland. Mykje folk hadde samla seg i den vakre sommarkvelden. Kunstnaren var til stades, saman med slektningar her i Noreg. Til opning las Sigbjørn Reime innleiinga til Fred i engelsk omsetjing. Åsland snakka i talen sin om familien på Garborg som drog ut, og fortalde om ein gåverik familie med ein trist lagnad. Men òg om familiemedlemmer som gjekk sine eigne vegar og stod for det dei trudde på. Det var helsingar frå ordførar Arnfinn Vigrestad og frå kunstnaren sjølv, som nemnde at namnebroren nok hadde mislikt at grandnevøen stod her og ikkje kunne norsk eingong. Eivor Time spela harpeleik og tussefløyte, og song.

Plaketten har denne påskrifta:
”FALLING OUT ”
LAGA OG GITT AV
ARNE R. GARBORG, USA
TIL TIME KOMMUNE
2001
*
Med støtte av AMR Routers

 

Tusenårsstad og bautastein over Bryne by

Bryne mølle er tusenårsstad i Time kommune.

I 2001 vart det reist ein bautastein i området mellom fossen og Bryne mølle. Steinen har påskrifta "Bryne by 2001" og er signert av Kong Harald og Dronning Sonja.