Knudaheio

Knudaheio var diktaren Arne Garborg si sommarstove på Jæren frå 1899 til 1923. Stova ligg like oppfor Undheim.

Huset og stova er som dei var då diktaren budde her. Innreiing og inventar er autentisk, og framstår utvendig slik det såg ut i 1909. Arne og Hulda Garborg er hauglagde i hagen på eigedommen.

I 1924 donerte enka Hulda Garborg eigedomen til Time kommune. Museet vert i dag drifta av Jærmuseet.

Opningstider
  • 1. mai - 30. juni: Sundagar og helgedagar kl. 12-16.
  • 1. juli - 13. august: Ope kvar dag kl. 12-17
  • 14. august - 24. september: Sundagar og helgedagar kl. 12-16
  • 25. september - 30. april: Stengt

Det same opningstidene gjeld for Garborgheimen.

Billettprisar og bestilling av formidling
Billettprisar Garborgheimen, Knudaheio
Billett Pris
Vaksen 30 kr
Under 18 år Gratis


Løyst billett på ein av stadene gjeld òg på dei andre to same dagen. Ein får også rabatt på inngangsbilletten til Garborgsenteret ved framvising av billett frå Garborgheimen eller Knudaheio.

Det kan bestillast historieformidling/guiding gjennom heile året. Prisar på formidling: kvardagar: 600,- per time, etter 15.00 er prisen 800,- per time. Laurdagar og sundagar: 1200,- per time.

Kontaktinfo

Nasjonalt Garborgsenter
E-post
Telefon 47 77 60 20

Adresse

Sikvalandsvegen 72
4342 Undheim

Kart