Garborgheimen

Garborgheimen er diktaren Arne Garborg (1851-1924) sin barndomsheim og eit godt bevart jærhus.

Jærhuset vart bygd i 1848, og det budde folk i huset til 1947. Arne Garborg vart fødd og vaks opp i huset. Han budde der til han var 15 år gammal. Innventaret i huset er tidsautentisk, med nokre få gjenstandar som òg er stadsautentiske.

Garborgheimen er eitt av dei beste døma som finns att av hustypen jærhus, kanskje noko av det mest typisk jærske som finns. Slik har huset òg ein museal verdi ut over å vera barndomsheimen til Arne Garborg.

Museet vert drifta av Jærmuseet.
 

Opningstider
  • 1. mai - 30. juni: Sundagar og helgedagar kl. 12-16.
  • 1. juli - 13. august: Ope kvar dag kl. 12-17
  • 14. august - 24. september: Sundagar og helgedagar kl. 12-16
  • 25. september - 30. april: Stengt

Dei same opningstidene gjeld for Knudaheio.

Billettprisar og bestilling av formidling
Billettprisar Garborgheimen, Knudaheio
Billett Pris
Vaksen 30 kr
Under 18 år Gratis


Løyst billett på ein av stadene gjeld òg på dei andre to same dagen. Ein får også rabatt på inngangsbilletten til Garborgsenteret ved framvising av billett frå Garborgheimen eller Knudaheio.

Det kan bestillast historieformidling/guiding gjennom heile året. Prisar på formidling: kvardagar: 600,- per time, etter 15.00 er prisen 800,- per time. Laurdagar og sundagar: 1200,- per time.

Kontaktinfo

Nasjonalt Garborgsenter
E-post
Telefon 47 77 60 20

Adresse

Garborgvegen 597
4346 Bryne

Kart