Sjukeheim

Sjukeheimane i Time har tilbod om korttids- og rehabiliteringsopphald, lindrande senger, langtidsopphald og rullerande/avlastningsplassar

Søknadskjema

 

Informasjon om opphald

Korleis søker eg tenester?

Du kan søke tenester på søknadsskjema. Søknadsskjema finn du her på nettsida.

Har du spørsmål kan du kontakte Teneste- og samordningskontoret på telefon 476 08 160

 

Avlasting

Avlasting i sjukeheim er ei teneste for innbyggjarar som har omsorgstrengjande familiemedlemmar. Tenesta skal gje familien høve til regelmessig fritid og ferie.

Begge sjukeheimane i Time kommune, Bryneheimen og Sivdamheimen, har plassar for avlastingsopphald og rullerande opphald (det vil seia at pasienten vekselvis bur heime og på sjukeheim).

Avlasting i sjukeheim er gratis.

Korttidsopphald- og rullerende opphald

Kortidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald i sjukeheim. Målet med opphaldet kan vera å kartlegga helsetilstand, hjelpebehov og opptrening slik at ein kan få att funksjon og koma att til eigen heim. Tilbodet kan vera rullerande der personen vekselsvis bur heime og på sjukeheimen.

Det er eigenbetaling for korttidsopphald.

Rehabiliteringsopphald

Målet med rehabiliteringsopphald er å kartlegga helsetilstand, hjelpebehov og rehabilitering slik at ein kan koma att til eigen heim. Avdelinga har styrka bemanning på fysioterapi, ergoterapi og legeteneste

Langtidsopphald

Eit langtidssopphald er tilbod om permanent opphald for personar med behov for pleie og omsorg heile døgnet

Lindrande senger

Lindrande senger er eit tilbod til alvorleg sjuke personar med uhelbredeleg sjukdom og kort forventa levetid.

Formålet er å gje lindrande behandling, pleie og omsorg ved livets siste fase til innbyggarar med komplisert kronisk lidelse eller anna alvorleg sjukdom.

Det er eigenbetaling for tenesta.

Pris

Departementet avgjer kva det kostar for eit korttidsopphald. Frå 01.01.2024 kostar det 193 kr pr. døgn. Dersom opphaldet varer lenger enn 60 dagar skal betalinga vera lik som for langtidsopphald.

Om du vil finna ut meir om betaling for sjukeheimsplass kan du lesa Forskrift om eigenandel for helse og omsorgstenesta

Bryneheimen

Bryneheimen gir heildøgns pleie og omsorg til personar som har varig fysisk- og/eller psykisk funksjonssvikt og der hjelpetiltak i heimen ikkje lenger er nok. Sjukeheimen har 54 rom, fire av desse er dobbeltrom (ektepar-rom). Åtte rom er tilrettelagt for personar med demenssjukdom.

Det er fokus på aktivitetar og moglegheit for å koma ut i frisk luft.

 

Adresse: Hognestadveien 41, 4340 Bryne

Sivdamheimen

Sivdamheimen har 20 tidsavgrensa heildøgns korttids-/rehabiliteringsplassar, to av plassene er for  personar med behov for lindrande behandling. I tillegg er det 21 plassar for personar med demensdiagnose.

 

 

Adresse: Røyrvika 2, 4344 Bryne

Kontaktinformasjon til avdelingane

 

Kontakt informasjon, Bryneheimen 1 etg.

Kontakt informasjon, Bryneheimen 1 etg
Avdeling Telefonnummer
Resepsjon frå klokken 07.30 til 15.00 på kvardagar 51 77 65 50
Avdelingsleiar Renate Iversen, Bryneheimen 1 etg. 958 09 531
Vakttelefon Bryneheimen 1 etg. 916 29 431
Bryneheimen 1 etg, Sør 901 54 832
Bryneheimen 1 etg, Vest 916 09 569
Bryneheimen 1 etg, Nord 918 45 729

 

Kontakt informasjon, Bryneheimen 2 etg.

Kontaktinformasjon Bryneheimen 2 etg.
Avdeling Telefonnummer
Resepsjon frå klokka 07.30 til 15.00 på kvardagar 51 77 65 50
Avdelingsleder May Karoline Aasrud, Bryneheimen 2. etg 414 67 911
Vakttelefon Bryneheimen 2 etg. 951 61 039
Bryneheimen 2 etg Sør 468 50 563
Bryneheimen 2 etg Vest 917 93 524
Bryneheimen 2 etg Nord 414 26 185

 

Kontakt informasjon Sivdamheimen 1 etg.

Telefonnummer Sivdamheimen
Avdeling Telefonnummer
Resepsjon frå klokka 07.30 til 15.00 på kvardagar 51 77 62 50
Avdelingsleder Mari Elise Almås 932 68 156
Vakttelefon 476 52 075
Blå avdeling 51 77 63 81
Rød avdeling 51 77 63 82
Gul avdeling 51 77 63 80

 

Kontakt informasjon Korttid- og rehabiliteringsavdelinga

Kontaktinformasjon Korttid- og rehabiliteringsavdelinga, Sivdamheimen 2 etg.
Avdeling Telefonnummer
Avdelingsleiar Anlaug Øie 476 28 866
Vakttelefon sjukepleiar 482 79 479
Avdelingskontor 51 77 63 65
Gruppe 1 51 77 63 83
Gruppe 2 51 77 63 84
Gruppe 3 51 77 63 67

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinfo

Teneste- og samordningskontoret
E-post
Mobil 47 60 81 60