Høyring - Planendring - Plan 0557.00 - Detaljregulering for bustader i Arne Garborgs veg 51, 53 og 55, Bryne

Sjo Fasting AS har sendt inn forslag til endring av Plan 0557.00 - Detaljregulering for bustader i Arne Garborgs veg 51, 53 og 55, Bryne.  Planen vart opphavleg godkjent 10.12.2024.

Føremålet med foreslegne endringar er å presisera føresegn om verandaer, samt ta vekk breiddeavgrensninga for desse.
 

Forslag til endring

Deler av føresegn 3.1.1 er foreslått endra

Før:

Det tillates at verandaer kan overskride byggegrensen med inntil 2 meter (dybde) x 4
meter (bredde). Det tillates ikke oppføring av verandaer utenfor formålsgrensen.

Etter:
Det tillates at verandaer kan overskride byggegrensen med inntil 2 meter mot sør for BK2
og mot vest for BK1 og BK3

Endringsforslaget vil innebere at verandaer som kan overskride byggegrensa ikkje lenger er avgrensa i breidde, berre djupn.

Dette kan påverke estetisk utforming av fasadane mot privat uteopphaldsareal.

Sjå vedlegg for meir informasjon om ytterlegare endringar. Endringar vil skje i
føresegnene.

Det er utarbeidd ny dokumentasjon for å syne konsekvensane av endringane. Desse kan
sjåast i vedlagte illustrasjonar.

Har du innspel?
Merknader sendast til post@time.kommune.no, eller til Time kommune, Postboks 38, 4349 Bryne.

Kommunedirektøren ber om at eventuelle leigetakarar og andre rettshavarar informerast
om planarbeidet.

Merknader vil ikkje svarast ut med eige brev, men blir heller referert til og kommentert i
samband med politisk eller administrativ behandling.

Frist for å gje merknader er 21.11.2025

Vedlegg

Høyring - Planendring - Plan 0557.00 - Detaljregulering for bustader i Arne Garborgs veg 51, 53 og 55, Bryne.docx (DOCX, 775 kB)

Forslag til planbestemmelser, revidert 23.10.25.docx (DOCX, 60 kB)

Reguleringsendring Snorres Hage.pdf (PDF, 88 kB)

A20-1 BK3 PT1 - Enebolig 3 etg.pdf (PDF, 839 kB)

A20-2 BK3 PT2 -Rekkehus 3 etg.pdf (PDF, 658 kB)

Skjermbilde 2025-10-14 kl. 12.54.56.pdf (PDF, 391 kB)