ⓘ Aktuell informasjon

Vaksenvaksinasjonsprogrammet hausten 2025

Hausten er her for alvor, og det er på tide å begynna å tenka på å vaksinera seg – i alle fall viss du er i ei av målgruppene.

Eldre kvinne med stokk som sit i stol og mottek vaksine frå helsepersonell - Klikk for stort bilete

 

Frå i år er det oppretta eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne der tre vaksinar inngår: 

  • Influensavaksine 
  • Koronavaksine 
  • Pneumokokkvaksine 

Kva er nytt for i år? 

  • Alle som fyller 65 år i 2025 (fødselsår 1960) får tilbod om pneumokokkvaksine
  • Friske personar i aldersgruppa 65-74 år og friske gravide har ikkje lenger behov for koronavaksine 

Kva vaksinar bør du ta? 

Folkehelseinstituttet gjer grundige vurderingar på kven som har nytte av vaksinar. Dei anbefaler grupper med forhøgd risiko for alvorleg sjukdom å vaksinera seg. 

Målgruppene for dei ulike vaksinane finn du her:
Vaksiner mot sykdommene i voksenvaksinasjonsprogrammet – håndbok for befolkningen - FHI 

Dersom du ikkje tilhøyrer målgruppene, vil du ikkje ha nytte av vaksinane. 

Kor kan du vaksinera deg? 

Time kommune har avtale med fastlegane om å tilby vaksinane i vaksenvaksinasjonsprogrammet til listeinnbyggarane sine. Dei tilbyr òg pneumokokkvaksine utanom vaksinasjonsprogrammet så lenge det er til målgrupper. Dei tilbyr ikkje vaksine utanom målgruppene. 

Kor mykje kostar det? 

  • Influensavaksine: 301 kr 
  • Koronavaksine: 110 kr (85 kr dersom du tek fleire vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet) 
  • Pneumokokkvaksine: 110 kr (85 kr dersom du tek fleire vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet) 
  • Pneumokokkvaksine til risikogrupper utanom vaksenvaksinasjonsprogrammet: eigen pris