Saman med Jæren turlag gir Time kommune årleg ut turheftet "Ti turar i Time", kor du finn oversikt og kart over 10 flotte turar i nærområde. Heftet inneheld både gå- og sykkelturar som er perfekte å testa ut i sommar. Du kan i tillegg vera med i trekninga av gilde premiar.
Du finn både hefte og turkort digitalt på nett, men du kan også henta fysiske eksemplar hos Innbyggarservice på Time rådhus, Time bibliotek, samt på utvalde butikkar rundt forbi i kommunen. Sjå meir info på Ti turar i Time-sida vår.
Har du lyst til å oppleva Jæren og Hå på ein ny måte? Sjekk ut Jærruta! Trø i veg på el-sykkel med vind i håret og kraft i tråkka. Langs ruta er det mange gilde stader du kan stoppa, som for eksempel Hå gamle prestegard, Garborgheimen og lokale gardsutsal og spisestader. Overnatt på hotell, fyr, campingplassar eller kanskje i ei tretopphytte!
Time kommune er med i Frilager-ordninga, noko som gjer at innbyggarar i Time kan låna kanoar og masse forskjellig turutstyr for ein rimeleg pris.
Time kommune har fordelt støtte til frivillige lag og organisasjonar slik at dei kunne laga eigne opplegg for barn og ungdom i sommar. Alle aktivitetane er gratis eller har ein låg eigenandel.
Informasjon om aktivitetane, tidspunkt og påmelding finn du på oversikta for Sommar-Time.
Bada
Anten du føretrekk stranda, rolegare vatn eller basseng, er det mange moglegheiter!
Jærstrendene, som du kan lesa meir om hos Visit Jæren, er blant dei flottaste i landet. I tillegg har Time fleire gode badaplassar som du kan nyta i sommar, som fks. Eivindsholtjørna på Bryne, Åsvatnet og Melstvatnet aust for Lyefjell og Stemmen på Kvernaland.
Sjå oversikt over badeplassane i Time.
Dei som vil bada innandørs, kan ta turen til Sivdammen helsebasseng på Bryne, kor vatnet held ein temperatur på 31 grader.
Opningstidene frå tysdag 4. juli til onsdag 2. august er:
- Tysdagar kl 12 - 16
- Onsdagar kl. 16 - 20
- Torsdagar kl. 16 - 20
Les meir om Sivdammen helsebasseng.
Gå på kino
Kule filmopplevingar høyrer også sommaren til!
Bryne kino, som ligg på torget i Bryne sentrum, har ope kvar dag og utvida opningstider i sommar. Kinoen har fire salar, deriblant ein luksussal, og visar eit bredt utval av nye filmar.
Sjå nettsida til Bryne kino for fullt program og billettar.
Sommarles på biblioteket
Frå 1. juni kan alle 1. – 7.klassingar i Time kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg.
Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164 000 barn.
Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
- Sommarles er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august.
- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket.
Opningstidene og programmet til Time bibliotek finn du her.
Rangla
Sommaren byr på musikkopplevingar for både store og små!
Laurdag 8. juli, frå kl. 12-15 går Rangling for småsporvar av stabelen i parken ved Time bibliotek. Familiefestivalen er heilt gratis.
Program Rangling for småsporvar:
- 12:00: Åpningsseremoni
- 12:15 9 grader nord
- 13:00 Flaks sjongleringsgruppe
- 14:00 Silo & Saft
For det vaksne, musikkinteresserte publikum, vert også festivalen Ranglerock arrangert i Kulturbanken på Bryne fredag 7.- laurdag 8. juli.
Program og meir info finn du på nettsida til Ranglerock.
Oppdaga kunsten i Time
Time kommune har masse flott kunst, som alle i Time eig i fellesskap. Nokre av kunstverka kjenner du, men i den nye kunstdatabasen vår, finn du garantert mykje kult du ikkje har sett før.
Databasen gir deg informasjon og lokasjon for dei ulike kunstverka, og har også forslag til fleire kunstløyper for deg som vil ut på vandring.
Sjå Time kommune sin kunstdatabase.
Gå på museum
Garborgheimen
Time har fleire gilde museum kor det er mykje å læra!
På Nasjonalt Garborgsenter skjer det spanande ting, og i Knudaheio og Garborgheimen er det ope kvar dag frå kl. 12-17 i heile juli fram til midten av august.
Sjå oversikta over alle musea våre og opningstider.
Stolpejakt i Njåskogen
Stolpejakta i Njåskogen går ut på å finna stolpar plassert rundt i skogen. Du kan velja om du vil registrera stolpane manuelt, digitalt og ved å laste ned ein applikasjon på mobilen, sånn at du kan scanna QR-koden som kvar stolpe er utstyrt med. Ein perfekt aktivitet for alle som likar å gå på jakt i skogen!
Last ned ark for manuell registrering her (PDF, 150 kB)
Les meir på stolpejakten.no
God sommar!