Sommartilbod til barn og unge - Hovedportal

Sommartilbod til barn og unge

I sommar vil det igjen vera ei rekke tilbod til barn og unge i Time. Blant tilboda er aktivitetar som turar, kunstverkstad, idrett – eller kva med å spela i band?

Time kommune har fordelt støtte til frivillige lag og organisasjonar slik at dei kunne laga eigne opplegg for barn og ungdom i sommar. Alle aktivitetane er gratis eller har ein låg eigenandel. 

Informasjon om aktivitetane, tidspunkt og påmelding finn du under.

Me gjer merksam på at nokre av aktivitetane har svært kort påmeldingsfrist, så ikkje nøl med dette!

Band-camp
Blå Kors ferieklubb
Bryne turnlag: Turnskule
Camp Rosseland
Care4all: Sommaraktivitetar for heile familien
Familiehage Time
Frøyland IL: TINE Fotballskule
Jæren Golfklubb: Golfskule
Jæren Tigrigna skole
Sommar på Møllekjellaren
Sommarverkstad med Studio K

 

Her er eit skjema som kanskje gjer det litt lettare å sjå kva tid kven arrangerer kva (du kan klikka på det for å få det i litt større versjon):

Skjema som fortel kva sommar-aktivitet som arrangerast kva tid. All informasjon i skjemaet ligg óg i tabellen over. - Klikk for stort bilete

 

Skjemaet vert oppdatert med info frå dei manglande arrangørane etter kvart.

Sommar-Time vert finansiert med midlar frå Bufdir og Time kommune.