Tilskot til kultur og idrett

Me har fleire tilskotsordningar retta mot idrett og kultur. Prioriterte formål er aktivitetar retta mot barn og unge samt aktivitetar som legg ekstra til rette for innvandrarar eller personar med nedsett funksjonsevne.

Søknadsfrist 1. mars

Tilskot til kultur og idrett søknadsfrist 1. mars

Driftstilskot til barne- og ungdomslag

Søknadsskjema | Søknadsfrist: 1. mars

Kven kan søkja
Frivillige lag og organisasjonar som driv frivillig kultur- og fritidsarbeid i Time, og som tilfredsstiller krava til oppstartingstilskot, kan søkja. 

Føremål
Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til delvis dekking av drift til lags verksemda. 
Konkret gjeld dette utgifter til m.a.:
- administrasjon og leiing
- kontorutgifter, telefon og porto
- aktivitetsmateriell - husleige
- opplæringstiltak
- utdretta verksemd/kulturarrangement 
- reiser og deltaking i arrangement som følgjer den ordinære drifta

Storleik på tilskot
Driftstilskotet skal ikkje overstiga 50% av driftsutgiftene for organisasjonen. Driftstilskot kan berre løyvast til organisasjonar som sender med godkjent rekneskap, årsrapport og aktivitetsplan for komande år.
Kommunale tilskot må kvart år prioriterast innafor den økonomiske ramma som er fastlagt i årsbudsjettet.

Driftstilskot vert gitt etter visse kriterium, der eitt kriterium er betalande medlemmar. Eit medlem vert i denne samanhang definert som:
•    registrert i laget sine medlemslister
•    betaler årleg kontingent til laget
•    ein person reknast som eitt medlem sjølv om vedkomande er medlem i fleire undergrupper
•    kasserar og leiar skal underteikna på at medlemstalet som er gitt opp, er rett. 

Driftstilskot til barne- og ungdomslag vert rekna ut etter følgjande mal:
40% vert rekna ut frå talet på betalande medlemmar under 20 år.
20% vert rekna ut frå aktivitetsnivå. Talet på undergrupper, opne arrangement og andre utadretta aktivitetar gir rett på tilskot (skal finnast i årsrapporten).
30% vert rekna ut frå kostnadsnivå med bakgrunn i godkjent rekneskap.
10% vert rekna ut frå skjønn. Skjønn vert gjort ut frå ei kulturpolitisk vurdering om kva som til ei kvar tid er viktige satsingsområde, eller om det finst særlege årsaker til å gje ekstratilskot. 

Viss rekneskap og budsjett tilseier det, får barne- og ungdomsorganisasjonar ikkje avkorta tilskot viss tilskot etter tildelingskriteria syner eit høgare beløp enn søknadsbeløpet (jf møte i Klageutvalet 11.09.2006, sak 010/06).

Reell søknad sum er ein føresetnad for tildeling etter skjønn. Behovet må gå fram av søknaden (jf møte i Klageutvalet 11.09.2006, sak 010/06).
 

Driftstilskot til idrettslag

Søknadsskjema | Søknadsfrist: 1. mars

Idrettslag kan søkja om tilskot til drift av idrettsaktivitet for barn og unge. Også idrettslag som driv med allmenn idrett/ sportsleg aktivitet for vaksne/på tvers av generasjonar kan søkja om driftstilskot.     

Tilskot vert løyvd ut frå følgjande vurderingar:

  • talet på betalande medlemmar
  • om ein gjennom verksemda når spesielle grupper eller gjennomfører arrangement som Formannskapet ynskjer å stimulera særskilt
  • alder: organisasjonar med hovudtyngda av medlemmane under 20 år vert prioriterte

 
 

Søknad om treningstid i gymsal/idrettshall

Søknadsskjema | Søknadsfrist: 1. mars

Kven kan søkja
Lag, organisasjonar og andre kan søka om trenings- og/eller arrangementstid i disse lokala.

I kva hallar kan eg søkja om treningstid?
Timehallen, Brynehallen, Lyehallen, Kvernhallen, Bryne skule (gymsal), Bryne ungdomsskule (gymsal), Rosseland skule (gymsal) og Vestly (gymsal).

Vil du ha treningstid i Frøyhallen, Hognestadhallen, Jærhallen eller Undheimhallen må du ta direkte kontakt med utleigar.

Korleis vert søknadane behandla
Time idrettsråd behandlar søknadane og fordeler treningstider i samarbeid med Time kommune.

Tilskot til instruktøropplæring innan idrettslag
Søknadsskjema (PDF, 112 kB) | Søknadsfrist 1. mars
 

Kven kan søkja
Lag og foreiningar som kjem inn under retningslinene for driftstilskot til idrettsføremål kan søkja om tilskot til instruktøropplæring innan laget.

Storleik på tilskot
Laget kan ikkje løyvast meir enn 50 % av dokumenterte utgifter til slike kurs. Storleiken på tilskotet vert til ei kvar tid vurdert i høve til disponible midlar på budsjettet. 

Søknadsfrist
Idrettsrådet skal tilrå i handsaminga av slike søknader. Søknad om tilskot til instruktøropplæring må fremjast til Time kommune, Servicetorget, på eige søknadsskjema. Laget skal søkja samla for heile verksemda ein gong i året, med søknadsfrist 1. mars. 

Tilskot til faste opne arrangement for ungdom

Søknadsskjema (PDF, 112 kB) | Søknadsfrist: 1. mars

Føremål
Det kan løyvast tilskot til oppretting/vidareføring av faste ungdomsaktivitetar, til dømes private fritidsklubbar.
Tilskot kan og løyvast til andre opne tiltak som rettar seg mot ungdom.
Det kan innførast medlemskontingent i faste tiltak, men alle skal i utgangspunktet ha høve til å teikna medlemskap (innan alder/krins). 

Tilskot til faste ungdomsaktivitetar vert løyvd ut frå følgjande vurderingar:

  • Innhald 
  • Talet på ungdommar i målgruppa/medlemstal
  • Aldersgruppe
  • Rekneskap (som utgifter til husleige og andre driftsutgifter)


Søknadsfrist
Søknadsfrist for faste ungdomsaktivitetar er 1. mars.

Søknadsfrist heile året

Tilskot til kultur og idrett

Tilskot til opne kunst- og kulturarrangement

Søknadsskjema | Søknadsfrist: Kontinuerleg


Kven kan søkja
Tilskot til arrangement/ underskotsgaranti kan løyvast til lag og organisasjonar, andre samanslutningar/ ad-hoc grupper som arrangerer opne kunst – og kulturarrangement.
 
Føremål
Eit mangfald av opne kulturarrangement verkar vitaliserande i ein kommune. 
Tilskot/ underskotsgaranti til kulturarrangement har som føremål å fremja slike tiltak. 

Storleik på tilskot
Tilskot til kulturarrangement eller underskotsgaranti kan løyvast med inntil 50 % av kostnadane.  Nasjonale og internasjonale kulturarrangement vert vurderte særskilt.

Søknadsfrist
Søknad om støtte til særskilde kulturarrangement, underskotsgaranti eller særskilde investeringar er 3 veker før arrangementsdato.

Tilskot vert betalte ut etter at arrangementet er gjennomført, og godkjent rekneskap er levert inn. Frist for utbetaling av tilskot er sett til 1 månad etter arrangementsdato.
 

Husleigetilskot til lag og organisasjonar ved leige av kulturhuset Storstova
Oppstartingstilskot

Søknadsskjema | Søknadsfrist: Seinast seks månader etter oppstart

Kven kan søkja
Frivillige organisasjonar som driv kultur- og fritidsarbeid i Time kommune kan søkja om tilskot til å setja i gang eller starta opp eit lag. Ordninga gjeld ikkje nyskipingar innafor eksisterande organisasjon.

Laget / organisasjonen skal ha ei demokratisk oppbygging med tilgjenge for alle til medlemskap. (Avgrensing i høve alder, bustad e.l. kan godkjennast).

Laget/ organisasjonen må ha minst 10 betalande medlemmar og eit medlemsvalt styre. Organisasjonar som ut frå sin eigenart ikkje innfører kontingent, kan vurderast i høve til løyving av tilskot.

Reorganiserte lag/organisasjonar kan søkja om ny registrering når verksemda er teken opp att etter stans i minst 2 år.

Føremål
Oppstartingstilskot skal hjelpa nyorganiserte lag og organisasjonar med delvis dekking av etablerings- og driftsutgifter fram til dei kan søkja om driftstilskot.

Lag og organisasjonar som driv kultur- og fritidsarbeid for barn og unge vert prioriterte.

Lag/organisasjonar kan registrerast som kulturorganisasjon sjølv om dei ikkje søkjer om tilskot. Laget/organisasjonen vil då koma inn i registeret over kulturorganisasjonar i kommunen.

Storleik på tilskot
Tilskot til oppstarting er avgrensa oppover til 3000 kroner.
Ved fastsetting av tilskot sum vert følgjande vurdert:

  • tal på betalande medlemmar
  • etablerings- og driftsutgifter
  • kva tid på året organisasjonen/ underavdelinga vart oppretta.

Søknadsfrist
Oppstartingstilskot kan løyvast 6 månader etter oppstart. Driftstilskot kan søkjast til fastsett søknadsfrist, men storleiken på driftstilskotet vert sett i høve til tid for innvilga oppstartingstilskot. 

Når eit lag vert lagt ned, må ein gje melding om dette så snart som mogleg til Time kommune – Servicetorget. Rekneskap over tilskotsmidlar skal sendast inn.
 

Tilskot til leiarkurs

Søknadsskjema (PDF, 118 kB) | Søknadsfrist: Seinast to månader etter at kurset er avvikla

Kven kan søkja
Tilskot til leiarkurs kan løyvast til lag og organisasjonar som fell inn under reglar for oppstartingstilskot, jf kapittel 3. Lag og organisasjonar med hovudtyngda av medlemmane innafor aldersgruppa 0 - 19 år vert prioriterte i høve slikt tilskot.

Tilskot til leiarutvikling (styrefunksjonar og temakurs)
Tilskotet har som mål å sikra kontinuitet på leiarsida i laget, og å stimulera til nyrekruttering av tillitsvalde/ leiarar.

Krav for tildeling er at laget må syna korleis kunnskapen i etterhand vil bli brukt til konkret arbeid innafor organisasjonar i Time kommune.

Konkret kan tilskotet nyttast til:
- interne leiarkurs/ leiarutdanning innan organisasjonen.
- eksterne kurs for leiarar
- skulering som rettar seg særskilt mot verksemda i organisasjonen /laget.

Det vert ikkje løyvd tilskot til årsmøte, landsmøte, leirar e.l.

Storleik på tilskot
Barne- og ungdomslag vert prioriterte ved tildeling av tilskot til leiarkurs. Laga kan søkja om tilskot til eitt leiarkurs i året. Større lag kan søkja om tilskot inntil to gonger per år, føresett at det er forskjellige personar som reiser på dei ulike kursa. I tillegg kan det løyvast tilskot til ei kursrekke som går over fleire gonger dersom laget prioriterer dette i verksemdåret. Då må dette koma fram i aktivitetsplanen for laget.
 
Søknadsfrist
Søknad om støtte må sendast inn seinast 2 månader etter at kurset er avvikla.
Det kan og søkjast på førehand. I slike tilfelle er fristen minst 1 månad før avvikling av kurset. I alle høve vert tilskot utbetalte etterskotsvis.
Ved søknaden må det følgja med deltakarliste og program frå kurset, samt kopi av kvitteringar for utgifter.
 

Tilskot til kulturutveksling - venskapskommunar

Søknadsskjema: Ikkje eige skjema | Søknadsfrist: Kontinuerleg

Kven kan søkja
Frivillige lag og organisasjonar i Time som tilfredsstiller krav til tilskot, kan søkja om vertstilskot og reisetilskot. Her vert barne- og ungdomslag prioriterte.

Føremål
Søknaden skal stilast til  Formannskapet.
Søknaden må innehalda invitasjon, program, kostnadsoverslag, finansieringsplan og reiseopplegg for dei organisasjonane som søkjer om reisetilskot.

Ein bør ta med kor stor sum det vert søkt om.

Storleik på tilskot
Levekår kan gje vertstilskot med inntil 5.000 kroner, og reisetilskot med inntil 7.500 kroner.


Søknadsfrist
Ein kan søkja om vertstilskot og reisetilskot heile året.

Vanlegvis bør det gå minst 2 år mellom kvar gong ein organisasjon får tilskot til kulturutveksling.

Kommunal mottaking/tilstelling/omvising og turopplegg må avtalast i god tid på førehand med ordføraren.
 

Tilskot til ungdomsaktivitetar

Søknadsskjema (PDF, 112 kB) | Søknadsfrist: Tre veker før arrangement

Kven kan søkja
Frivillige lag og foreiningar som fell inn under reglar for oppstartingstilskot, jf kapittel 3.

Velforeiningar, foreldregrupper og andre samanslutningar ut frå arrangementet/tiltaket sin eigenart.

Hotell/kafear og restaurantar kan og søkja om tilskot til alkoholfrie helgetilbod for ungdom der arrangementet tilfredsstiller vedtekne krav.

Ungdom under 20 år kan søkja om tilskot til sjølvstyrte ungdomsaktivitetar som har som føremål å skapa nye aktivitetar og som involverer ungdom i alle ledd.

Tilskot til opne alkoholfrie helgearrangement for ungdom
Hovudføremålet med denne tilskotsposten er å stimulera til igangsetjing av opne alkoholfrie tiltak for ungdom i Time.

Krav til tiltak som ein kan søkja støtte til er:

•    Som helgearrangement vert rekna arrangement som er lagt til fredag- eller laurdagskveldar, og i samband med høgtider som nyttår, 17. mai e.l. 
•    Arrangement som varer i minst 3 timar.
•    Alder
•    Tilbod som blir etablerte i krinsane (Lyefjell, Undheim, Frøyland og sentrumsnære område på Bryne) skal i hovudsak retta seg mot aldersgruppa (12) 13 - 16 år (18)
•    Tilbod for ungdom i Bryne sentrum skal ha ei nedre aldersgrense på 15 år.
I nokre høve kan ein setja nedre aldersgrense til 13 år (spesielle konsertar/kulturarrangement)
    Krav om nedre aldersgrense er absolutt, medan øvre aldersgrense blir sett av arrangøren.
•    Arrangementa skal vera rusfrie, og det vil bli stilt krav om høveleg vakthald. Personar som er påverka av rusmiddel skal visast bort.
•    Tiltaka skal ha god marknadsføring


Søknadsfrist
Tilskot til helgearrangement for ungdom har søknadsfrist 3 veker før arrangementsdato.

Storleik på tilskot
Tilskotet vert betalt ut mot innlevert rapport og rekneskap for kvart arrangement.
Faste opne helgetiltak kan løyvast tilskot for ½ år om gongen mot innlevering av rekneskap og rapportar for kvart arrangement.
 

Tilskot til sjølvstyrte ungdomsaktivitetar

Søknadsskjema (PDF, 112 kB) | Søknadsfrist: Ein månad før igangsetting

Føremål
Det er eit mål å stimulera unge under 20 år til å gjennomføra og driva eigne kulturaktivitetar der ungdom er aktive i utforming og drift.

Krav til søkjar er at medlemmane i gruppa er under 20 år, og at tiltaket er kultur- og fritidsaktivitetar for ungdom. Eksempel på slike tiltak er teater/ dans, utradisjonelle idrettsaktivitetar, gjennomføring av spesielle arrangement, kunstuttrykk m.m.

Dersom det vert oppretta eit ungdomsråd i kommunen, vil ungdomsrådet ha innstillingsrett på desse midlane.

Søknadsfrist
Skriftleg søknad med omtale av kva ein ønskjer å setja i gang og budsjettframlegg skal sendast Time kommune – Servicetorget minst ein månad før igangsetting.
 

Tilskot for ekstra tilrettelegging

Tilskot for ekstra tilrettelegging

Tilskot til ferietur i eigen regi

Søknadsskjema | Søknadsfrist: 1. mai

1.  Målsetting
Time kommune ønskjer at funksjonshemma skal kunne realisere eigne ønskjer om turar / ferieturar gjennom varierte støtteordningar.
Ein vil legge vekt på den einskildes ønskjer og interesser, og behov for avkopling, oppleving og variasjon.

2.  Generelle bestemmingar
Det er viktig med ei felles forståing av kva som ligg i omgrepet "funksjonshemming".
I Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001 vert omgrepet forklart slik:
"Funksjonshemming er et misforhold mellom individets forutsetninger og miljøets og samfunnets krav til funksjon på områder som er vesentlige for etablering og opprettholdelse av selvstendighet og sosial tilværelse". 
Funksjonshemminga er av varig karakter.

Kommunen kan gi tilskot til dekning av ekstrakostnadar som den enkelte funksjonshemma måtte ha for å kunne reise på ferie. Dette er utgiftar til reise, opphald og løn til ledsager. 
Ein kan og gje tilskot til lag, organisasjonar mv. som arrangerar turar der funksjonshemma deltek. Tilskotet er budsjettavhengig.

Den funksjonshemma sjølv betalar eigne turutgiftar. 
Den enkelte funksjonshemma må sjølv ordne reiseforsikring, avbestillingsforsikring og andre reisepapir. 

Kulturkontoret kan være med å arrangere ferieturar for funksjonshemma, jf. kriteria i pkt. 6. 
Når kulturkontoret arrangerer tur, og står for planleggings-, gjennomførings- og
samordningsansvaret for turen, skal dette være i samråd med brukarane.
Når kommunen ikkje har personalansvar på tur, har ein heller ikkje anna ansvar utover
eventuell tildeling av tilskot.

3.  Kven kan søkje
Personar:
    3.1. som grunna funksjonshemming er avhengige av ledsager / støtte på tur
    3.2. som er over 15 år
           Aldersgrensa kan ved skjønn vurderast lågare dersom det er særlege høve som tilseier det.

4.  Turalternativ
Det kan søkjast tilskot til følgjande ferieturalternativ: 

4.1.    Tur i eigen regi.
Det kan gis eit eingongsbeløp i støtte til ledsagerutgifter.
4.2.    Tur arrangert i kommunal regi
Heil eller delvis dekning av ledsagerutgifter.
4.2.1.    Einskildtur, der ein person reiser åleine med ledsager.
4.2.2.    Gruppetur, der fleire funksjonshemma reiser i lag med fleire ledsagerar.
4.3.    Tur arrangert av andre.
       Lag / organisasjonar / andre som arrangerar tur der funksjonshemma er med, kan            
       få tilskot som eit eingongsbeløp berekna per ledsager det er naudsynt å ha med.
    
    
5.  Tilskot
Tilskot til ferietur vurderast individuelt og skjønnsmessig ut frå:

    5.1. lengde og reisemål for turen i forhold til tidlegare turar
    5.2. den einskilde sine økonomiske muligheiter for sjølv å dekkje deler av utgiftene til
           ledsager
    5.3. budsjetterte midlar og talet på søknadar.

Tilskotet utbetalast etterskotsvis på bakgrunn av framlagt rapport og rekneskap.
For å få tilskot må ein også ha behov for ledsager, jfr. pkt. 2 og 6. 
Berre i heilt spesielle tilfelle kan krav om ledsagerbehov fråvikes.

6.  Ledsager
Med ledsager meines naudsynt følgjeperson den enkelte funksjonshemma må ha med for å kunne avvikle ein ferietur.
Dette kan være personar som står den enkelte nær eller som er tilsett av kommunen.

Når kommunen står som arrangør av ferietur vert antal ledsagerar vurdert ut frå den enkelte brukar sitt hjelpebehov. 
Når kommunen arrangerer tur skal brukarane sine eigne interesser og synspunkt høyrast og tileggjast vekt.

Kulturkontoret vil prioritere å skaffe ledsagerar til personar som:
6.1. har særleg behov for forandring i sitt daglege miljø, og som sjølv ikkje har
            muligheiter for å kunne gjere noko med dette. 
    6.2. bur heime hos familie 
    6.3. bur åleine med avgrensa kommunalt tilsyn / støtte 
                            ( mindre enn 6 timar støtte / tilsyn på fritid )

Personar som
6.4. har vesentleg kommunalt tilsyn / støtte knytt til eige hjelpebehov 
                   ( meir enn 6 timar støtte / tilsyn på fritid ),
                       må stille med personell / ledsager frå tenesteytar på turane.
    6.5. treng særskild medisinsk tilsyn må bidra til å få med kompetente ledsagerar.

7.  Behandling av søknadane
Kulturkontoret har egna søknadsskjema som kan nyttast, men det er ikkje nødvendig å nytta desse. 
 
•    Søknad om tilskot til ferietur skal sendast til kulturkontoret.
•    Søknadsfrist er 1. mai
Søknadar som kjem inn etter fristen vert ikkje imøtekomne.
•    Med søknaden skal fylgje:
-    Opplysningar om reisemål, tidspunkt og varigheit
-    Behov for støtte / ledsager
-    Kostnadsoverslag
•    Likningsattest kan i spesielle tilfelle krevjast framlagt.
•    Søknaden vert behandla individuelt 
•    Kulturkontoret kan ved førespurnad gje rettleiing og hjelp til å søkje.

8.  Andre turar
Med andre turar meines turar som er arrangert for å oppnå oppleving, sosialt samvær og liknande.
Kommunen kan ved skjønn vurdere tilskot til slike turar, avhengig av budsjetterte midlar.
 

 

Tilskot til lag og organisasjonar som inkluderer personar med nedsett funksjonsevne i aktiviteten

Søknadsskjema: Ikkje eige skjema | Søknadsfrist: Kontinuerleg

Kven kan søkja
Lag og organisasjonar som driv kultur- og fritidsaktivitet, og som arbeider for å involvera og inkludera «menneske med særskilte behov» i laget, kan søkja om tilskot til delvis dekking av utgifter i samband med t.d. utstyr, instruktør og andre tilretteleggingstiltak. 

Føremål
Målet er å gjera det mogleg for «menneske med særskilte behov», dvs. personar med funksjonsnedsetting, psykiske vanskar, innvandrarar m.fl., å ta del i ordinært lag- og organisasjonsliv på lik linje med alle andre. 

Storleik på tilskot
Storleiken på tilskotet vil til ei kvar tid vera avhengig av budsjetterte midlar og talet på søknader. 

Søknadsfrist
Søknader kan sendast Time kommune – Servicetorget heile året. Utbetaling vil normalt skje etter at rapport og rekneskap for aktiviteten ligg føre.
 

Søknad om spelemidlar til idrettsanlegg og lokale kulturbygg

Innmeldingsfrist 15. august

Spelemidlar

Søknadsfristar

Følgjande fristar gjeld for lag og organisasjonar i Time kommune som vil melda inn tiltak/søkja om tilskot frå spelemidlane:

  • Melding om planar eller tiltak under planlegging: Må sendast til kommunen innan 15. august.
  • Søknad, med kostnadsoverslag og naudsynte vedlegg: Må sendast til kommunen innan 1. desember.
  • Mindre anlegg: For enkle, mindre tiltak i nærmiljøet, med kostnadsramme inntil kr 80.000, kan det søkjast om tilskot etter eit forenkla opplegg heile året (ingen søknadsfrist).
Søknad om spelemidlar til idrettsanlegg og lokale kulturbygg

Kven kan søkja

Frivillige lag og organisasjonar, andelslag, velforeiningar e.l. som ikkje har eit kommersielt føremål.

Føremål

Tilskot kan ein gje til alle typar kultur-, idretts- og nærmiljøanlegg, både til nyanlegg og modernisering/ombygging av eldre anlegg. Føresetnaden for tilskota er at alle tilstellingar i/på anlegget der born eller ungdom tek del, skal vera rusfrie.

Anlegg som kan nyttast til fleire ulike kulturaktivitetar, såkalla fleirbruksanlegg, bør prioriterast. Elles kan tilskota gis etter plan for kulturbygg og kommunedelplan for idretts- og friluftlivsanlegg.

Nyanlegg og ombygging som får tilskot skal planleggjast ut frå tanken om universell utforming.

Storleik på tilskot

Kommunale tilskot til kultur-, idretts- og nærmiljøanlegg må kvart år prioriterast innan den økonomiske ramma som er fastlagd i gjeldande økonomiplan.

a) Kommunen gjev til vanleg ikkje tilskot til innkjøp av tomt. I dei tilfelle der kommunen sjølv stiller tomt til rådvelde vederlagsfritt, skal kommunen stå som eigar av grunnen, men leigetida skal vera minst 40 år.

b) For anlegg som får spelemidlar/kulturhusmidlar kan kommunen dekkje inntil 1/3 av anleggs-kostnadane.

c) For andre bygg og anlegg kan kommunen dekkje inntil 50 % av anleggskostnaden.

d) Storleiken på tilskotet vert vedteken i kvart enkelt tilfelle, og vert vurdert etter eventuelle tilskot frå Fylkeskommunen/Fylkesmannen og/eller Staten, og kostnader.

e) Tilsegn om tilskot vert gjeve på grunnlag av kostnadsoverslag, finansieringsplan og godkjende planar. Avslutta og revidert rekneskap for bygget/anlegget skal sendast Time kommune, tenesteeining fritid.

Søknad om tilskot må innehalda
a) Teikning og forklaring av anlegget.
b) Opplysningar om eigarforhold og brukargrupper.
c) Kostnadsoverslag.
d) Finansieringsplan.

Inventar.
a) Fast inventar som er naudsynt for bruken av anlegget, kan tas med i kostnadsoverslaget.
b) Tilskot til anna inventar enn i punkt a, må behandlast spesielt.

Forskottering av spelemidlar

Søknader om tilskot frå spelemidlane til bygging/rehabilitering av private kultur-, idretts- og nærmiljøanlegg, kan forskotterast av Time kommune under føresetnad av at prosjekta på førehand er fullfinansierte og politisk godkjente.

Søknadsfrist

Frist for søknad om tilskot til kultur-, idretts- og nærmiljøanlegg er 1. mars.

 

Kontaktinfo

Stian Langeland
Fritidssjef
E-post
Telefon 51 77 61 64
Mobil 908 23 450
Ingve Lende
Kultur- og fritidsrådgjevar
E-post
Telefon 51 77 61 65
Trond Lie
Kultursjef
E-post
Telefon 51 77 61 87
Mobil 970 82 788