Storstova kulturhus

Storstova kulturhus kan leigast til alle typar arrangement – konsert, konferanse, møte med meir.

Send ein e-post til mail@storstova.com eller kontakt kulturhussjef Åse Skrudland på tlf. 47457050 for eit uforpliktande pristilbod.

Leigeprisar

Lag og organisasjonar
1000,- per time for øving, 2000,- per time for arrangement. Lag og organisasjonar og andre ikkje-kommersielle organisasjonar kan søkja om inntil 40% reduksjon av leigeutgiftene.

Profesjonelle/private
20 000,- for heil dag og kveld med 1 framsyning
30 000,- med 2 framsyningar
10 000,- for foredrag og kurs

Alle prisar er inkludert utstyr som er på huset, husvert og publikumsvert, men eksklusiv teknikar. Tilleggsutstyr vert leigd inn etter avtale.

Det er fastsett eigne leigeprisar for Time kulturskule og andre kommunale tenesteeiningar i Time kommune.

Fastsett av kommunestyret 15.12.2020. 

Husleigetilskot til lag og organisasjonar

Søknad
Søknad om husleigetilskot skal sendast Time kommune, post@time.kommune.no, og må innehalda opplysningar om arrangementet, samla leigeutgifter (jf. retningslinjene for husleigetilskot), kontaktinformasjon om søkjar og kontonummer.

 

Retningsliner for husleigetilskot

1. Formål
Ordninga skal gjera det mogleg for det lokale kulturlivet å bruka kulturhuset Storstova som arena for sine kulturarrangement. Dette skal gje eit meir mangfaldig og rikare kulturtilbod lokalt.

2. Kven kan søkja?
Frivillige kulturorganisasjonar og andre ikkje-kommersielle organisasjonar med fast verksemd i Time kommune. Foreiningar og organisasjonar av regional karakter eller som er fylkeslag fell utanom ordninga. 

3. Kva kan det søkjast om tilskot til? Grunnlag og ramme for tilskotet
a)    Det kan søkjast om tilskot til konsertar, teaterførestillingar, danseførestillingar, andre sceneproduksjonar, litteraturarrangement, andre typar kulturarrangement samt møte.
b)    Arrangement som vert innvilga støtte skal vera opne for alle.
c)    Det kan søkjast om tilskot for inntil 40 prosent av leigeutgiftene, likevel ikkje meir enn 30 000 kroner per arrangement.
d)    Leigeutgiftene omfattar leige av sal inkl. utstyr som er på huset, husvert og publikumsvert. Prisane for leige av Storstova vert årleg fastsett av kommunestyret ved behandlinga av økonomiplanen.

4. Økonomisk ramme
Disponibel ramme for tildeling av husleigetilskot vert årleg fastsett av kommunestyret ved behandlinga av økonomiplanen. 

5. Behandling av søknader
Søknader om husleigetilskot vert fortløpande behandla av kulturverksemda i Time kommune.
 

Ser du etter program for Storstova?

Det finn du på nettsida til Storstova.

Adresse

Arne Garborgs veg 26
4344 Bryne

Kart