Fotland kraftstasjon

Fotland kraftstasjon er eit industrielt kulturminne og vasskraftmuseum.

Fotland kraftstasjon vart opna i 1915. Den skulle då forsyna Time kommune med straum "i all framtid". Etter tre år var kapasiteten sprengd. Då drifta vart avslutta i 1972 stod Fotland kraftstasjon for berre 2 % av totalforbruket i Time kommune.

Bygget vart gjenopna som museum i 1991. I tillegg til eit intakt indre, er det utstilling av bilde og gjenstandar frå anleggs- og byggeperioden. I 2. etasje er det utstilling av foto og gjenstandar frå Time i gamle dagar.

Ved kraftstasjonen går det merka turløype bort til demninga i kilt stein som vart bygd i samband med kraftstasjonen. Her var dagreservoaret til kraftstasjonen.
 

Opningstider

Museet har ikkje faste opningstider, men i Fotland mølle får du låna nøkkel til museet.

Bestilling av besøk og formidling

Kontakt Time kommune, postmottak@time.kommune.no / tlf. 51 77 60 00

Adresse

Timevegen 187
4346 Bryne

Kart