Rotter

Feitt i avløp fører til driftsproblem og med tida tette røyr. Dette gjer at avløpstenesta vert dyrare for deg. Får du tette røyr på ditt private nett, kan du risikera at kloakken slår opp i kjellaren, og at du må betala heile utbetringa sjølv.

Feitt og matrestar i avløpet held i tillegg liv i rotter. Er det nok mat, treng dei ikkje å forlata kloakken, og då formeirar dei seg raskt. Det finst og døme på at dei har klatra opp gjennom vasslåsen i toalettet.

Rotter på privat eigedom

Har du fått rotter på eigedomen din, bør du snarast ta kontakt med eit skadedyrfirma. Som eigar er du forplikta til å førebygga og iverksetta tiltak for utrydding.

Tips  til førebygging:

  • Tørk av steikepanna etter bruk med tørkepapir og kast papiret i matavfallet.
  • Tøm rennande matrestar som supper og liknande i ein mjølkekartong og kast kartongen  i restavfallet.
  • Olje frå glas eller boksar med fetaost og oliven er kjempegod å bruka i for eksempel salatar, sausar og på poteter.
  • Når tida for julebakst kjem, kan du godt bruka rester av delfiafett og matfett til å laga meiseboller til fuglane.
  • Du kan òg sjå brosjyre frå Rogaland brann og redning IKS (PDF, 498 kB) for fleire tips.
Rotter på kommunal eigendom

Har du mistanke om rotter på offentlege område, kan du varsla Innbyggarservice.

Kva gjer kommunen?
  • Time kommune har avtale med skadedyrfirma som legg ut åte og feller langs og i kloakknettverket.
  • All verksemd som har feitthaldig avløpsvatn, må installera feittutskiljar før dei får sleppa avløpsvatnet ut i kommunale røyr.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00